Japansk bokbølge på norsk jord
Mieko Kawakami er ein av fleire japanske forfattarar som no finn vegen til norske bokhyller. Litteraturfestivalen på Lillehammer vil gjerne hjelpe dei fram.
Mieko Kawakami er ein av fleire japanske forfattarar som er til stades på Litteraturfestival på Lillehammer denne veka. Det seinaste tiåret er ei rekke japanske bøker blitt omsett til norsk, noko som har skapt eit nytt mangfald.
Alf Kjetil Walgermo
Japanarane går tett i Lillehammers gater. Vi snakkar ikkje om turistar med feite Nikon-kamera på magen, men somme av dei fremste litterære stemmene i Asia. Litteraturfestivalen på Lillehammer har i år ei hovudvekt på japansk litteratur, noko som ville vore vanskeleg å få til for berre få år sidan. Det siste tiåret har derimot utvalet av japansk samtidslitteratur på norsk blitt vesentleg betre. Til festivalen har kunstnarisk rådgjevar Mathias R. Samuelsen invitert heile seks sentrale namn. Sjølv om den kunstnariske rådgjevaren lenge har vore interessert i den japanske tradisjonen, og sjølv er i samtale med han i sine eigne poesibøker, er det først no at det grunnlag for å løfte litteraturen opp som hovudtema på Nordens største litteraturfestival.
– I dag les vi ikkje lenger forteljingane frå Japan som noko eksotisk. Det kjem ut så mange nye bøker på norsk og mangfaldet er stort. Mykje har skjedd berre dei siste åra. Det er vind i segla for japansk litteratur, seier Samuelsen.
Drahjelp
Bestill abonnement her
KJØP