Ingen moral i villaste villmarka
Nevekampar med bjørnar, ansikt til ansikt med Sibirtigeren, og kamp mot blodtørste bandittar. Roy Jacobsen og Anneliese Pitz har skrive ein roman om da Sibir framleis var uoppdaga.
RØVARROMAN: Saman har Roy Jacobsen og Anneliese Pitz skrive romanen som byggar på ekspedisjonane til den tyske vitskapsmannen Fritz Dörries. Her les vi om nevekampar mot bjørnar, jakt på tigrar, og blodtørstige røvarbandar. – Vi har ikkje dikta opp noko, seier Pitz.
Jan Langhaug
Roy Jacobsen fekk eit handskrive manus av oldebarna til Fritz Dörries, med spørsmål om han ville lese kva den tyske naturvitskapsmannen mintest frå ekspedisjonane i Sibir. Jacobsen kan tysk, og sa ja med ein gong.
– Men eg skjønte ikkje eit ord av det som stod der!
Manuset var skrive med gotisk handskrift som det tyske skoleverket slutta å undervise i på slutten av mellomkrigstida. Men så viste det seg at kona til Jacobsen, Anneliese Pitz, som har doktorgrad i lingvistikk, hadde lært seg gotisk av besteforeldra. Pitz transkriberte manuset.
Bestill abonnement her
KJØP