Hormonboblebadet
Tenåra kan vera krevande å koma gjennom. Ungdommane burde få lov til å gå med skiltet: «Stengt, grunna ombygging».
Knapt i nokon annan periode av livet skjer det så mykje som i puberteten. Bøkene kan vere ei god hjelp til å komme seg igjennom denne tida. Litteraturkritikar Marianne Lystrup har sett på nokre av dei.
Lise Åserud/NTB scanpix/arkiv
Ikkje utan grunn er puberteten eit ynda emne for forfattarar. Knapt i nokon annan periode av livet skjer det så mykje som då. Vanlege morgonar kan vera som krevjande hinderløyper; mellom spegelen som skrik mot deg at du er stygg, klesskapet som ikkje inneheld noko som er kult, mamma som masar om at du burde stått opp tidlegare og frukost som du ikkje torer nyta i redsle for å bli feit. Og når ein så omsider kjem inn i skolegarden, gjeld det å finna ein plass i ein av gjengane og halda seg på trygg avstand frå dei største elevane, som er skumle som velvaksne schæferhundar.
På kornet
Biletet med schæferhundane har eg frå boka 1.000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk. Ho tek denne pubertetstida på kornet i skildringane av Johanna, som byrjar i 8. klasse og er spent på korleis det skal bli på den nye skolen. Johanna er ei veltilpassa, flink og grei jente, som er besteven med granneguten Georg. Det har vore kjekt så lenge ho var barn, men kva skjer når puberteten melder seg?
Bestill abonnement her
KJØP