Historisk omsetting
Det er nærmast ufatteleg at dei gammaltestamentlege apokryfane ikkje har vore tilgjengelege på nynorsk – før i dag.
I dag kjem dei gammaltestamentlege apokryfane ut på nynorsk for første gong. Bøkene som er ein naturleg del av Bibelen for katolikkar og ortodokse, er mindre kjente blant norske protestantar. Det finst mange aktive bibellesarar som ikkje har oversikt over innhaldet i bøkene Martin Luther vippa ut av kanon, men erklærte som «gode og nyttige å lese».
No er det på tide å ta Luther på alvor. Vi kan ikkje vedkjennast å vere uvitande om så viktige skrifter frå verdslitteraturen, som attpå til har bibelsk status i store delar av verda. For det er ingen tvil om at dei gammaltestamentlege apokryfane er både nyttige og gode – dei blei alludert til allereie av Jesus og apostelen Paulus. Det er pinleg å vere blank på desse bøkene.
Dei gammaltestamentlege apokryfane fyller dessutan ut det historiske holrommet vi kan finne i den protestantiske Bibelen. Der står det lite om hundreåra rett før Jesu fødsel. Det gamle testamentet sluttar i det store og heile i persartida på 400-talet før Kristus, med somme referansar til hellenistisk tid frå år 332 f.Kr og framover. Den langvarige jødiske fridomskampen, som er eit viktig bakteppe for evangelia sine skildringar av Jesus frå Nasaret, står det fint lite om.