Historia om ei bygd
Utanfor den Oslo-baserte bokheimen lever ein underskog av bøker med lokalt innhald. Ei bok om sunnmørsbygda Vatne er ei av brikkene for å forstå det norske samfunnet.
Grete Karin Eik Nordahl (nedst til venstre) har fått med seg folk frå den gamle skuleklassen sin (1948-modellar) til å skrive om sunnmørsbygda Vatne i gamle dagar. Dei andre som skriv, er Judith-Karin Ulvestad Adolfsen (første rekke, nr. 2 frå venstre), Palma Hurlen Kjerstad (første rekke, til høgre), Kåre Bjarne Vatneødegård (tredje rekke, til høgre), Oddvar Vatnehagen (bakre rekke, til venstre), Kirsten Ødegård (andre rekke, nr. 4 frå venstre), Roger Elling Hatlehol (bakre rekke, nr. 3 frå venstre), Solfrid Liv Krogsæter Rødal (andre rekke, til venstre) og Jens Peter Ringstad (tredje rekke, nr. 4 frå venstre).
Magne Tennfjord, 1961
Det lokale er finurlege saker. På ei side sett har lokale historier avgrensa interesse. På den andre sida er det lokale av universell betyding. Alt skjer i det lokale. Og ein skal vere bra arrogant for å føyse det bort.
Lokalhistoriske bøker er som regel kopla frå det litterære krinslaupet. Først når ein forfattar som Dag Solstad skrid til verket med slektshistorie frå Telemark i romanform, blir det nyhende av nasjonalt og internasjonalt format. Men i skogen under Solstad – langt under, må ein kunne seie – finst det bøker som lever sine liv på lokalforlag og sjølvpubliseringsforlag. Ofte står dei sterkt i lokalsamfunnet, og sel nesten ingenting på andre kantar av landet. Truleg får heller ikkje bøkene noko anna enn lokaldistribusjon.
FØLG OSS: På Facebook og Twitter!