Havet, døden, kjærleiken – og keeperen
Etter tolv år kjem Maria Parr med oppfølgjaren til «Vaffelhjarte». Men ho trur ikkje ho orkar å fylgje Trille og Lena vidare inn i puberteten.
Det er 12 år sidan Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte. No kjem Keeperen og havet, bok nummer to om Trille og Lena i bygda Knert-Mathilde.
Lars O. Flydal
Kritikarane snakkar allereie om ein klassikar – før boka er å finne i bokhandlarhyllene. Maria Parr har skrive tre barnebøker på 12 år, Tonje Glimmerdal var det store gjennombrotet i 2009. Og sjeldan har så få bøker henta fram så mykje skryt frå så mange kritikarar. No er Keeperen og havet i ferd med å sanke inn ei tilsvarande mengde lovord.
– Keeperen og havet er ikkje ei toar-bok. Dei som ventar på det, vert skuffa. Hovudkarakterane er eldre, og tankane meir kompliserte, seier ho.
Vidare verd
Bestill abonnement her
KJØP