Gud i samtidslitteraturen
Kristendommen gjer stadig nye inntog i den norske skjønnlitteraturen. Mange sentrale forfattarar skriv no om Gud.
Ingen gudsskrekk: Mykje av den beste litteraturen som blir skriven her til lands, går i dag i samtale med Bibelen og religiøse spørsmål. Steinar Opstad er blant dei fremste av forfattarane som er opptekne av Gud, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Sara Johannessen / NTB scanpix
Bokåret 2015 var eit mangfaldig år. Ei enorm mengd med bøker, rundt 40 debutantar, ei rekke ulike tematikkar og formeksperiment. Midt i dette virvaret finn vi også ei rekke bøker som på ulikt vis går i samtale med tematikkar og tankegods frå Bibelen og kristendommen. Steinar Opstad skal nemnast blant dei fremste. Poeten som heilt sidan midten av 1990-talet har vore opptatt av religiøst språk i diktinga si, og funne nye måtar å dekonstruere og bygge opp dei religiøse omgrepa på, kom i haust med ei av sine sterkaste diktsamlinga, Kjærlighetstapene. Eg meiner framleis at Opstad her skriv gåsehudframkallande interessant om kristen tru, som her: «Når noen stiller meg det ublu spørsmålet om jeg tror på Gud, kan jeg bli like forlegen som når noen spør om jeg har en kjæreste. Tvilen utgjør halve meg, men den har aldri latt meg i stikken på en slik måte at den har hindret meg i å forelske meg eller å elske en annen dypt.»
LES OGSÅ: Her er nyhetsåret 2015
Presise uttrykk