Gøymd kunnskap

Den 90 år gamle litteraturhistorikaren Jostein Fet er i desse dagar ferdig med eit makelaust forskingsverk.

For nokre år sidan fekk litteraturhistorikaren Jostein Fet Kongens Fortjenstmedalje i gull, og vart takka av kong Harald på Slottet. 90-årige Fet fortener ein stor takk frå oss alle, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Bønder og fiskarar har ikkje vore kjente for å vere dei best orienterte om europeisk åndsliv. Dette var «kunnskapen» før, at lese- og skrivekunsten primært var ein syssel for embetsstanden.

Gjennom eit langt forskarliv har Jostein Fet vist at så ikkje var tilfelle. Folk flest var ikkje analfabetar før konfirmasjon blei påbode ved lov på 1730-talet. Tvert om var lesing og skriving ein nokså utbreidd kunnskap blant allmogen i Noreg. Folk visste kva som gjekk føre seg ute i verda.

Det europeiske åndslivet var ikkje ei hildring i det fjerne, men eit jordsmonn som kunne fostre storleikar som Hans Nielsen Hauge og Ivar Aasen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS