Etikk i litteraturen
Nobelprisen i litteratur går til den som har skrive det mest utmerkte i «idealisk riktning». Kunne Vigdis Hjorth fått prisen?
Kunne Vigdis Hjorth fått Nobels litteraturpris? spør kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Erlend Berge
Det er sjeldan det blir like stor temperatur i den norske litteraturdebatten som i førre veke. Rett før årets kåring av nobelprisvinnaren i litteratur, noko som truleg skjer på torsdag, har vi gått så mange rundar i bokseringen at geipen heng svakt nedover på dei fleste av oss. For har vi ikkje høyrt det før, det evinnelege maset om verkelegheit i skjønnlitteraturen? Agnar Mykle og Karl Ove Knausgård utgjer toppen av ei liste mørkare enn dei inste krokane i ei dårleg opplyst bokhylle. No skal også Vigdis Hjorth få svare for seg. Forfattarane burde vel snart ha lært at bruk av levande modellar er problematisk? For ikkje å snakke om døde modellar, som ikkje kan ta til motmæle?
Vepsebol
Aftenpostens Ingunn Økland stakk handa i eit vepsebol då ho i ein kommentar peikte på kunsten som storforbrukar av levande menneske. Under tittelen «Litteraturen er på villspor» langa ho ut mot ein «pikant» bruk av levande modellar hjå forfattarar som fråtsar i sjølvbiografiske familiekonflikter og leverer ut psykiske lidingar hjå andre menneske. Økland konkluderte med at verken juss eller etiske regelverk er eigna til å sette ein stoppar for det ho oppfattar som ein snart utrangert tendens; derimot ventar ho på at forfattarstanden sjølv skal skifte retning.