Den ukjende soldat
Krigsdikt av amerikansk poet om soldaten i det ukjende og tidlause, med uvanleg sterk biletskaping.
– Det gjev meining i å lesa dikta inn i den amerikanske borgarkrigsperioden (1861–65), skriv vår bokmeldar om Nathaniel Farrells «Nykommar». Biletet viser ein ambulanse under borgarkrigen.
Eg hadde ikkje høyrt om den amerikanske poeten Nathaniel Farrell før diktsamlinga hans, Nykommar, låg i postkassa for nokre dagar sidan – i gjendikting ved Martin Ingebrigtsen.
Eg fylgjer ganske bra med i engelskspråkleg poesi frå fleire land, men altså Farrell: Nei. Det er ikkje så rart, for han har gjeve ut berre denne eine diktsamlinga (Newcomer) og ho har heller ikkje vore mykje framme i litterære fora i heimlandet.
Dette er difor ikkje eit opplagt val av poesi til presentasjon for norske lesarar. Desto meir gledeleg då at Samlaget gjev ut ein ukjent utanlandsk poet eine og åleine av di dikta er av ein slik kvalitet at dei fortener å koma også på norsk.
Bestill abonnement her
KJØP