Den fløgstadske krigen
I «Due og drone» peiker Kjartan Fløgstad på korleis norsk næringsliv samarbeidde med den tyske okkupasjonsmakta under krigen utan å bli straffa for det.
– Når vi snakkar om frigjeringsdag i Noreg, så snakkar vi om 8. mai 1945. Men for ein stor del av Noreg er frigjeringsdagen 25. oktober 1944, da Den raude armé hadde jaga tyskarane vest for Tanaelva, seier romanaktuelle Kjartan Fløgstad.
Adrian Nielsen
– Når vi snakkar om frigjeringsdag i Noreg, så snakkar vi om 8. mai 1945. Men for ein stor del av Noreg er frigjeringsdagen 25. oktober 1944, da Den raude armé hadde jaga tyskarane vest for Tanaelva.
Kjartan Fløgstad er bestemt i stemma, som han oftast er.
– Dei norske polititroppane kom etterpå. Og der var òg fenrik Olav Sima med.