Dag Solstad på topp
Dag Solstad er som Manchester United i sine glansdagar. Han skårar stadig nye mål på overtid.
Dag Solstads bøker er på full fart ut i den store verda og forfattaren sjølv blir samanlikna med John Lennon. Mytebygginga går praktisk talt av seg sjølv om dagen, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Berit Roald, NTB scanpix
Forfattaren Dag Solstad sluttar aldri å forundre meg. Korleis kan ein så stotrande mann skrive noko av Noregs mest presise litteratur? Solstad snakkar nesten aldri i heile setningar. Men kvar gong han er ute med ei ny bok, forsterkar han posisjonen sin som ein av dei viktigaste forfattarane vi har. Mange vil endåtil seie den fremste.
Det er posisjonen fremst i feltet Solstad beherskar på så elegant vis, ikkje ved å buste til håret sitt, som Arne Berggren har kritisert han for, men ved å overraske og skape debatt. Solstad fyller alle kanalar. Det er berre Karl Ove Knausgård som overgår han.
LES OGSÅ:Solstad-biografi får kritikerprisen