Bokmelding: Storarta roman fører oss til eit Island der folket er plaga av hunger og epidemiar

Bergsveinn Birgisson har skrive ein storarta roman om verkelege og oppdikta hendingar på Island etter det store vulkanutbrotet 1783 og uåra som fylgde. Meisterleg skildring av menneske, natur - og det overnaturlege.

FORTEL: Bergsveinn Birgisson fører oss i sin roman til eit Island der folk har døydd i tusental, der avlingane er elendige, husdyra daude eller utmagra og folket plaga av hunger og epidemiar.
Publisert Sist oppdatert

Eg har i mi femtiårige tid som kritikar lese mange gode bøker, nokre av dei svært gode. Eg har vore imponert over skrivekunst, over kunnskap, over djervskap, over nye bilete, nytt innsyn.

Men så er det desse sjeldne stunder då du sit med ei bok som løfter deg inn i den fortryllande verda der det ikkje lenger er tale om å skriva godt eller interessant eller lærerikt – men om å bli dregen inn i denne forvandlande krafta som finst hjå dei store meistrane.

Slik opplevde eg det då eg las islandske Bergsveinn Birigissons roman Lifandilífslækur (Levandelivsbekk) og slik opplever eg det framleis når eg les Oskar Vistdals omsetjing som av ein eller annan grunn har fått tittelen Reisen til livsvannet.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS