Bibelsk harpesang
Levi Henriksens nye bok er gjennomsyra av bibelstoff og bedehusmusikk.
Levi Henriksen trur det er ei større åndeleg nysgjerrigheit i dag, der det er lov for forfattarar å utforske bibelske og religiøse tematikkar utan å miste sitt intellektuelle image. – Det er blitt meir hipt, på eit vis, seier han.
Lars O. Flydal
Bedehuset Eben Ezer dukkar stadig opp i Levi Henriksens forfattarskap. Men den nye romanen Harpesang opnar faktisk i Vinger kirke på Kongsvinger. Her får plateprodusenten Jim Gystad ei slags musikalsk «vekking» av å høyre tre 80-årige pinsevennar, søskena Maria, Timoteus og Tamar Thorsen, synge i ein barnedåp.
– Eg kunne ikkje ha skrive denne romanen før no, seier Levi Henriksen til Vårt Land.
– På ein måte byrjar han i mars 1996, i gravferda til far min. På minnesamveret etterpå song mamma, som har pikenamnet Thorsen, klassiske pinsevennsongar saman med ein yngre bror og ei søster. Opplevinga har ligge og spira i meg sidan då.
Bestill abonnement her
KJØP