Amerikanske intellektuelle med gudsprat

I kveld snakkar den amerikanske skribenten Kristin Dombek med kritikaren James Wood om å vekse opp i ein kristen heim. Norsk-amerikansk litteraturfestival er i gang igjen.

INTELLEKTUELL: Den amerikanske skribenten Kristin Dombek slår eit slag for bibelkunnskapen hjå konservative kristne. Sjølv forlét ho gudstrua for 17 år sidan.
Publisert Sist oppdatert

Den leiande amerikanske litteraturkritikaren, og etter kvart noregsvenen, James Wood er oppvaksen i ein konservativ, kristen heim. Wood, som i Noreg er mest kjent for å ha lovprist Karl Ove Knausgårds bøker i The New Yorker, er ikkje den einaste i det intellektuelle litteraturmiljøet med tilsvarande bakgrunn. Skribenten Kristin Dombek, som er lærar i essayistikk ved Princeton University og fast bidragsytar til N+1 magazine og London Review of Books, var ein brennande kristen fram til ho var 20 år.

– Halve livet mitt trudde eg at Jesus døydde for syndene mine, og at oppgåva mi på denne jorda var å vitne for ikkje-kristne. Eg prøvde kvar dag å la Jesus leve igjennom meg. Så mista eg trua, seier Kristin Dombek til Vårt Land.

LES OGSÅ: Amerikanarane hyllar Karl Ove Knausgårds ­romankunst

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS