Amen
Amen er godt likt av kryssordmakarar.
Amen sjeldan avsluttar bønner i Det gamle testamentet. Av dei 30 førekomstane er 12 i 5 Mosebok, samla i kapittel 27. Her dreier seg ikkje om bønner, men om forbanningar. Men her, i måleriet «Grace before the Meal» av Fritz von Uhde, frå 1885, ber dei.
Wikimedia Commons
Stikkordet er ofte «sluttord», og amen er løysinga. Sluttord er det, etter ei bøn. Så sikkert som amen i kyrkja.
Då kjem det overraskande at Amen sjeldan avsluttar bønner i Det gamle testamentet. Av dei 30 førekomstane er 12 i 5 Mosebok, samla i kapittel 27. Her dreier seg ikkje om bønner, men om forbanningar. «Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.» Det er vers 15, og slik fortset det i elleve vers til. Folket skal svara Amen heile tida, og stadfesta reglane for forbanning.
Då er det litt lysare i 1 Krøn 16,36: «Velsigna er Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Og heile folket sa ‘amen’ og prisa Herren.» Også her er det ei stadfesting, som i tilfella i andre bøker.
Bestill abonnement her
KJØP