Adam – Mennesket som vart mann?

Gud skapte «adam» som mann og kvinne i 1 Mosebok 1. Så då betyr «adam» menneske? Gud skapte to menneske, ein mann og ei kvinne?

«Adam» er eit fellesuttrykk for ein art, ein art som har to kjønn. Slik dei forskjellige dyreartane har det. Her er maleriet av Zampieri

Her er grunnteksten tydeleg, nemleg tydeleg annleis. Gud skapte «adam» som hann og ho, står det, ord som blir brukte om dyr og menneske i Det gamle testamentet, og som i omsetjingane stort sett blir forskjønna til «mann» og «kvinne». «Adam» er eit fellesuttrykk for ein art, ein art som har to kjønn. Slik dei forskjellige dyreartane har det. I 1 Mosebok 1 skaper Gud arter og slag, ikkje eitt stykk epletre, to stykk elefantar. Det er typane som blir til: urter, tre, dyr, fuglar, fiskar, krypdyr og menneske. «Adam» betyr i denne forteljinga «menneskearten».

Dette er forskjellig i 1 Mosebok 2. Der skaper Gud ein mann, «adam», som får ein medhjelpar, ei kvinne. Gud skaper dyr og fuglar for å sjå om dei kan vera medhjelparar for mannen, men dei fell igjennom, og kvinna blir skapt. Adam blir poetisk: «Denne gongen er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast ei kvinne, for av mannen er ho tatt.»

I tider med feministisk teologi oppstod det ein annan teori. Phyllis Trible lanserte i 1987 den tanken at «adam» i 1 Mosebok 2 var skapt som mann og kvinne, eller utan kjønn. Først då kvinna vart til, vart «adam» mann. Teorien er usannsynleg, men har hatt stort gjennomslag, til og med i Bibel 2011. I 1 Mos 2,18 heiter det at det ikkje er godt for «mennesket» å vera åleine. Dersom dette var korrekt, ville vel dyra og fuglane vera gode medhjelparar? Så skifter «adam» brått frå å vera menneske til mann i vers 21.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP