Bøker

Å rase mot tidsånda

Gjennom sju netter skriv ein ung mann om dei sju dødssyndene. Kvifor har dette blitt ein av dei mest debatterte bøkene i Tyskland?

– Vi har ikkje lenger noko å strekke oss etter. Denne verda vi lever i, er tryggare og rikare enn nokon gong. Og likevel er spørsmålet: Kva er det vi kjempar for?

Simon Strauss talar oppglødd. Den tyske forfattaren reknast som spydspissen i ei ny romantisk bølge i heimlandet. Debuten hans frå i fjor, 7 netter, kjem i haust ut på Pelikanen forlag. Det er ei lita, mektig bok som går til angrep på vår eiga tid. Eg har nettopp spurt forfattaren kva det er han rettar raseriet mot.

– Boka raser mot tidsånda i samfunnet, den uviktige tidsånda. 7 netter handlar om ein ung mann som kjempar for meining, som vil ha ein plass i samfunnet. Men alt han finn, alt han blir møtt med, er ironi. Romanpersonen min vil ha noko han kan leve opp til. Han søker etter å gjere seg sjølv myndig, seier Strauss.

Framtida

I romanen bestemmer ein namnlaus, ung mann seg for å oppsøke dei sju dødssyndene. Han inngår ei pakt som har parallellar til Goethes Faust. Men trass denne historiske vekta, handlar boka om generasjonen som er født på 1980- og 1990-talet. Eg seier til Strauss at det verkar som hovudpersonen i boka er sjalu på tidlegare generasjonar.

– Det er spørsmålet om framtid, svarer han raskt.

– Generasjonane før oss hadde ei kjensle av at dei kunne skape og forme si eiga framtid. Ikkje berre 68-arane, som kjem med mange memoarar no for tida, men generasjonane før òg. Dei er dei siste som formidlar ei sosiologisk og emosjonell kjensle om Europa. Eg trur det er viktig å ha denne kjensla, spesielt når vi går frå å vere ungdom til å bli vaksen. Det handlar om å skape ei kjensle av ansvar for di eiga framtid.

– Vår generasjon har dei evige kampsakene, som klimakrisa og problema med globaliseringa. Men dei er ikkje spesifikke for vår generasjon. Vi har inga kjensle av at dette er vår oppgåve. At vi ikkje har noko som er vårt, er ei radikal endring frå tidlegare, seier Strauss.

Gudstru

Vi er no komme eit stykke vekk frå 7 netter, boka vi eigentleg skal snakke om. Men Strauss seier dette heng saman. Og han er klar over at han snakkar om Vest-Europa, og om seg sjølv og vår generasjon.

– Eg trur blant anna at flyktningane som kjem hit, har noko som vi har mista. For eksempel har dei ei sterk tru på Gud, mens vi har mista vår Gud. Vi er flaue over å snakke om vår eiga tru. For dei er trua og religionen ein sterk del av livet. Dei kjempar for sitt eige liv, for rettane sine. For oss er det heilt annleis. Kanskje er det dette som skremmer så mange i Europa, at flyktningar som kjem, har slike standardar, mens vi ikkje har det.

Meininga i livet

– Fleire stader i boka går du til angrep mot sider ved identitetspolitikken, du skriv blant anna at vi «føler oss diskriminerte i solidaritet».

– Spørsmålet er: Kva er det vi kjempar for? Nokon vil seie at vi kjempar for identitetsspørsmål og identitetsrettar. Men med eit slikt fokus, ser vi berre på individet, vi ser berre på ein liten tendens i samfunnet. Tidlegare kjempa generasjonane for heile samfunnet.

– Men kva er det då vi bør kjempe for?

7 netter prøver ikkje gi svar på alle desse spørsmåla. Boka handlar om ein individuell kamp for å prøve å finne meining i livet. For å prøve å ha innverknad på eige liv. Romanpersonen min spør seg: Kva manglar i mitt eige liv? Det er dette mektige spørsmålet eg har stilt meg sjølv. Kanskje manglar vår generasjon motet til å ha våre eigne prosjekt, til å krevje noko som er vårt.

Spørsmål om tru

Trass i at 7 netter bruker eit religiøst motiv som dei sju dødssyndene, så er det ingen spor av kristendom i boka. Eg spør kvifor Strauss ikkje har gitt plass til dette. For første gong i intervjuet bruker han nokre sekund før han svarer.

– Spørsmålet om tru er for meg veldig kostbart. Det er eit stort, filosofisk spørsmål. Men 7 netter er intuitiv, boka er skriven ut av det blå. Eg sat verkeleg og skreiv romanen på sju netter. Kvart kapittel vart til i kvar si natt! Men spørsmålet ditt er godt. For når du har sju dødssynder, så ventar du noko om kristendommen. Likevel skreiv eg ikkje med eit kristent utgangspunkt. Mi tilnærming var meir individuell, egoistisk. Det handla berre om han, om romanpersonen min. Kva kjensler hadde han, kva utfordringar?

Og då er det ikkje plass til religion?

Strauss ler kort før han svarer.

– Jo, men boka er romantisk. Frå gammalt av fokuserte romantikarane først på dei indre kjenslene og utfordringane. Det handla ikkje om å nå transcendens eller Gud. Gud, eller søken etter religion, manglar i boka mi. Men dette er den første eg har skrive – eg kan berre seie at det er vanskeleg å snakke om det. Og dette er på mange måtar det 7 netter handlar om, utfordringa i å snakke om kjensler. Popkulturen har hatt ein enorm påverknad på oss alle, og med den kom ironien. Korleis skal vi reagere ærleg, korleis gjer vi det? Ironien har gjort det nesten umuleg.

Det politisk korrekte

Når 7 netter har skapt debatt i Tyskland, er det òg fordi boka har delt kritikarane. Nokre meiner boka er ein generasjonsroman for dei unge og livstrøytte. Andre meiner ho gir ei stemme til ytre høgre.

Du skriv: «I ein situasjon der alle på førehand har same meining, er eit opprop til motstand meiningslaust, fordi det ikkje vil ha nokon verknad. Berre der ein er i mindretal og dei andre sine parolar lyd sterkare, berre der er motstand ein heroisk akt.» Er det ikkje nok å rekke opp handa og seie ifrå?

– Å risikere noko inneber alltid å utsette seg for ein fare. Du kan seie noko feil, eller såre andre. Men for å finne fred i livet, må du finne stunder der du risikerer noko, der du minner deg på kva som er eksistensielt.

Strauss seier at boka ikkje er ein kritikk av det politisk korrekte, eller PK-kulturen, som er blitt mykje omtalt dei seinaste åra.

– Eg har skrive ei bok om korleis du sjølv som individ bør ha meir mot. Vi må ha meir mot til å finne den store dialektikken i kvar og ein av oss. Hovudpersonen min er ikkje ein du berre vil like, men òg ein du vil mislike. Eg er interessert i at menneska ikkje er anten gode eller slemme. Vi burde ikkje dekke over våre eigne psykologiske eller moralske problem, vi må heller våge å diskutere dei. Den kyniske ironien gir oss eit skjold som beskyttar deg frå andre, men også frå deg sjølv. Slik treng vi ikkje sleppe nokon nær oss, og vi treng heller ikkje komme nær oss sjølve. Dette er kva 7 netter handlar om. Dette er kva romanen krinsar om: Korleis nærme seg sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker