Torsdag var det mange som braut ut i jubel over tildelinga av nobelprisen i litteratur til Bob Dylan. Den amerikanske artisten har lenge vore ein høgaktuell kandidat til prisen, faktisk så lenge at tildelinga i går kom som ei lita overrasking. Ifølgje Svenska Akademien fekk Dylan prisen for «å ha skapt nye poetiske uttrykk innanfor amerikansk songtradisjon». Uttrykket «äntlegen!» – ein meir eller mindre vittig kommentar til at nobelprisen ofte har gått til forfattarar som få har lese – kan denne gongen brukast utan snev av ironi.