Kvar vart det av Maghnild Haalke, spør vi i hovudsaka i dette nummeret av Bøker. Magnhild Folkvord har skrive bok om den kritikarroste forfattaren som Sigrid Undset løfta fram, og som vart omsett og kom ut i USA. Kven les Haalke i dag?

Ut av tida

Vi skal alle bli gløymde, har Jan Kjærstad sagt. Da ­snakka han om norske bøker og forfattarar som forsvinn ut av tida. I foredraget «Dag Solstad leser Olav Duun», utgitt av ­Nasjonalbiblioteket i 2015, kan vi lese om korleis Dag Solstad opplever å lese Olav Duun i dag. Der spør Solstad: «Hva betyr det at en forfatter er blitt foreldet?» Og så svarar han: «At det han hadde å si før, ikke virker lenger.»

Du kan vere ueinig i Solstads foredrag, men både han og Kjærstad rører borti en sår nerve. Kva skjer når kunst forsvinn ut av tida? Når forfattaren og hennar eller hans lesarar ikkje lenger finnes?

Ingen garanti

«Alle ting går sin strevsame gang, menneskeord strekk ikkje til. Auget blir ikkje mett av å sjå, og øyret blir ikkje fullt av å høyra.» Forkynnaren i Det gamle testamentet er nådelaus i si omtale av menneskets strev.

I den mektige romanen Medusas flåte av Franzobel, som kom ut i vinter, blir ein av hovudpersonane, skipslegen ­Savigny, omtala slik: «han var ikke interessert i å få ordener festet på brystet ­eller sitte stiv som en pinne på mottakelser og spise fylt villsvin uten å få lov til å prompe - det han var ute etter, var intet mindre enn udødelighet. Han ville at man fortsatt skulle huske navnet hans om to hundre år».

At eins eige liv og virke skal leve lenge, er ein ambisjon og draum som er menneskeleg. Skjebnen til Magnhild Haalke og hennar bøker får ein kanskje til å sjå på det med eit anna ­perspektiv. Om ei norsk bok blir kritikarrost og gitt ut i USA i dag, er det vanskeleg å tenkje seg at forfattaren vil bli gløymd. Men samtidas dom over kunstverk er aldri ein garanti for at eit verk vil stå seg. Den litterære moten svingar, som Bernhard Ellefsen seier i saka vår om Haalke. Og for kvar haust- og vårliste som forlaga presenterer, flyttar vi oss lenger vekk ifrå bøkene som kom ut på tidlegare års haust- og vårlister.

Omsorg for vår fortid

I sitt foredrag, verker det som Dag ­Solstad òg kjem inn på desse tankane. «All kunst trues av foreldelse. ­Litteraturen mer enn malerkunsten. Ordet mer enn bildet.» Som ein sår konklusjon over si eiga lesing av Olav Duun, landar ­Solstad på at Olav Duuns storverk er forelda. Men Solstad skriv fint om utfordringa som ligg i at ikkje all litteratur toler tidas tann: «Vi bør derfor ha like stor bekymring, og omsorg, for vår fortid, som vi bør ha for vår framtid. For det er vi som skal bringe den videre, det er ingen andre som kan det.»

Audmjukt blikk

Eg liker korleis Solstad bruker ordet omsorg. Å lese og løfte fram forfattarskap og bøker som er gløymde, ­eller står i fare for å bli gløymde, kan handle om å forstå ei anna tid. Det kan handle om å sjå med eit anna blikk på det som var vårt. Kanskje kan det òg handle om å forstå kvifor noko har forsvunne ut av vår felles arv.

Solstad er ærleg i si erkjenning av at òg modernismens dikting vil gå ut av tida. Det er vanskeleg å forstå i dag at sjølv vår tids store verk kan forsvinne frå minnet. Men det kan få oss til å gå meir audmjukt til bøkene vi les og ikkje lenger les.