Bøker

Ruakh: Var det Guds ånd? Eller var det ein vind?

Ruakh var der først: Guds ruakh.

Guds Ånd svevde over vatnet i skapingsforteljinga i Første Mosebok. Eller var det Guds ånd? Eller var det ein vind?

Då danskane reviderte bibelomsetjinga på slutten­ av 1900-talet, prøvde dei først med ei original omsetjing: Over vatnet bles det ein sterk vind. Omsetjinga kan motiverast, for ruakh kan tyda både vind, pust, ånd og Ånd. Og Gud, «elohim», kan bety noko guddommeleg, noko veldig. Så kanskje var det ein veldig vind, ein sterk vind som bles i urtida? Omsetjarane sleppte vinden ut av sekken.

Den sterke vinden hausta storm. Reaksjonane fekk omsetjarane til å venda kappa etter vinden, og i Hendes Majestæt Dronning Margrethe II si autoriserte omsetjing frå 2001 er det Guds ånd som «svævede over vandene». Men det var ikkje­ Guds Ånd.

Ruakh er eit av dei orda i Bibelen som rører både ved naturen, menneske og Gud. I utgangs­punktet dreier det seg om luft i rørsle, vind. Då Gud rusla rundt i Edens hage i Første Mosebok 3, skjedde det i kveldsbrisen, som heiter «dagens ruakh». Og vinden kan vera tørr og drepande: «Eit menneske – som graset er dess dagar. Som blomen på marka, slik blømer det. Når ruakh bles over det, er det ingenting, og dess stad kjenner ikkje til det lenger», seier Salme 103.

Luft i rørsle kan også vera den menneskelege pust. Dronninga av Saba blir forundra og heilt utan ruakh når ho får sjå rikdomen og visdomen til kong Salomo i Første Kongebok 10. Dronninga mista pusten. Det er ruakh som definerer liv i Det gamle testamentet. Vesen som pustar, er levande; gras og tre er ikkje definert som levande, fordi dei ikkje pustar. I vår tid ser vi dette annleis, og definerer liv på ein ­annan måte, men slik var det den gongen.

I eit steg vidare kan ruakh dermed stå for ei ­viktig side ved eit levande vesen, også ved Gud. «Ta ikkje din heilage ruakh frå meg», bed salmisten i Salme 51. Vanleg omsetjing er «heilag Ande». Derimot manglar gudebileta ruakh i Salme 135. Det kan tyda at dei ikkje er levande, og manglar denne delen av personlegdomen.

Profetane har Guds ånd, ruakh. Vanskeleg blir det når Gud sender ut ei lygnar-ruakh i alle ­profetane. Slik er det fortalt i Første Kongebok 22, og dermed kjem forskjellen på sann og falsk profeti i sentrum. Profetane har Guds ånd, men kven har den sanne ånda? I Femte Mosebok 13 blir det til eit spørsmål om kva for ein guddom profeten forkynner.

Så kva var det som svevde over vatnet ved skapinga? Vinden? Guds ånd? Guds Ande? «Vind» ville vera eit slag i lufta. Men «ånd» peikar fram mot skapinga av dei levande.

Magnar Kartveit er professor emeritus ved VID vitenskapelige høgskole

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker