Bøker

Mellom korleis og kvifor. Om sjølvmord i litteraturen

ESSAY: Goethes roman Den unge Werthers lidelser vart forboden då han vart omsett til dansk i 1776. I haust har det kome to nye skjønnlitterære bøker om sjølvmord.

Utgangspunktet er enkelt. Alle som kjem i nærkontakt med sjølvmord, har eit intenst ønske om å forstå kvifor. Dei som lever vidare, leiter etter teikn i alt det som er igjen etter den døde. Dei les og les om igjen alt det den døde har skrive sjølv. Eit eventuelt avskjedsbrev blir eksegert og tolka etter alle kunstens reglar. Kva var den avdødes siste melding til verda og oss?

Leitinga etter å forstå stansar ofte ikkje der. Har du møtt menneske i sorg, veit du at dei kan vere truande til å lese alt, absolutt alt, som finst på bokmarknaden som handlar om sorg på eit eller anna vis, om det no er fag- eller skjønnlitteratur. Dei vil få greie på kva som skjedde, kjenne seg igjen og også forstå meir av si eiga sorg ved det dei ikkje kjenner seg igjen i.

Usortert liste

Det same gjeld for dei som sørger over nokon som har tatt sitt eige liv. Spørsmålet om kvifor er då ofte sterkare og meir akutt. «God dag, eg vil ha nokre bøker om sjølvmord.» Så er det opp til bibliotekaren eller oss som vener å prøve å kome på slike bøker. Fagbøker er jo det greiaste, der står det ofte sjølvmord i tittelen. Men skjønnlitteratur? Kanskje nemner ein Stig Sæterbakken, Albert Camus, Tor Ulven, Sylvia Plath, Goethes Den unge Werther, Ibsens Hedda Gabler, Shakespeares Hamlet og Virginia Woolf.

Dermed sit den spørjande og søkande igjen med ei usortert liste av folk som har skrive om sjølvmord, fiktive sjølvmordarar og høgst verkelege forfattarar som har tatt sitt liv. Men er det sunt å lese skjønnlitterære bøker om sjølvmord? Eller kan slik lesnad føre til at lesaren lever seg så langt inn i sjølvmordarens kjensle- og tankeliv at ho sjølv får lyst til å døy?

Spørsmålet om skjønnlitteratur om sjølvmord kan ha skadeleg smitteeffekt, er faktisk omtrent like gamal som den moderne romanen sjølv. I Goethes roman Den unge Werthers lidelser frå 1774 fører den fiktive tittelpersonen ordet heilt til han skyt seg. Då ei omsetjing til dansk var undervegs i 1776, gav myndigheitene dei teologiske professorane i oppdrag å vurdere om boka var i strid med god moral og sann religion. Teologane uttalte etter fire dagar at boka var skadeleg. Omsettinga vart deretter forbode.

Empati

Sjølvmordsforskarar og andre som er opptatt av å førebygge sjølvmord, gir råd om at ein bør unngå å skildre sjølvmord slik at lesarar kan få sympati med dei som gjer slike val. Spesielt bør ein vere varsam med å skildre korleis dei tar livet av seg. Dette er også ein regel media styrer etter, gjennom Ver varsam-plakaten.

Og så sit vi der då. På den eine sida med eit intenst behov om å forstå, få svar på alle spørsmåla om kvifor, når vi til dømes høyrer om jenter i tenåra som plutseleg tek sitt eige liv. På den andre sida med eit sterkt ønske om å ikkje bidra til fleire sjølvmord. Kan ein gjere det ved å unngå spørsmål om korleis og å skildre liv og også eit dødeleg val med empati? Er det ikkje nettopp dette god skjønnlitteratur er i stand til å gjere: Å peike mot svar på kvifor ved å skildre korleis med empati?

Maria Navarro Skarangers roman  er ei fiktiv skildring av kva som skjer med ein familie der den eine sonen tek sitt eige liv, ført i pennen av veslesøstera som er lærar.
Maria Navarro Skarangers roman  er ei fiktiv skildring av kva som skjer med ein familie der den eine sonen tek sitt eige liv, ført i pennen av veslesøstera som er lærar. 

To nye gode bøker

I haust har det kome to nye skjønnlitterære bøker om sjølvmord. Dei er svært forskjellige: Steffen Kvernelands grafiske roman En frivillig død er ei personleg, nærmast dokumentarisk skildring som forsøker å kome til rette med farens sjølvmord ved hjelp av tekst, teikningar og fotografi. Maria Navarro Skarangers roman Bok om sorg er derimot ei fiktiv skildring av kva som skjer med ein familie der den eine sonen tek sitt eige liv, ført i pennen av veslesøstera som er lærar.

Teiknaren Steffen Kverneland har ei lang rekke kritikarroste bøker bak seg. Fleire har allereie utropt årets bok til den beste. En frivillig død er i alle høve hans mest personlege verk. Den gripande skildringa av farens liv og død er også ei nærgåande forteljing om korleis det har vore å vere son til denne faren, i oppveksten og heilt fram til i dag, 37 år etter sjølvmordet. Den første sida slår an tonen i dette dobbeltportrettet: Kverneland har teikna seg sjølv der han sit med sin eigen son på fanget. Forfattaren tenker på korleis han sjølv sat på fanget til ein far som han liknar på og som til alt overmål sit i same positur. Teikningane nokre få sider seinare viser nok ein gong korleis sonen liknar på faren, også når dei han sit og teiknar. Kverneland skriv at mesteparten av alt han har teikna har blitt til nettopp ved dette teiknebordet han overtok etter faren.

Setje saman minnebitar

Faren tok livet av seg det året den yngste sonen vart myndig. Truleg er det noko han har bestemt seg for lenge, men utsett av omsyn til barna. Han ville vente til dei var vaksne. Boka er eit forsøk på å setje saman minnebitar for å finne ut kva som førte fram til dette drastiske valet. Lesaren får bokstaveleg tala sjå med eigne auge korleis den vaksne Kverneland prøver å setje alle dei motstridande sanningane om faren saman i ei forteljing. Det er eit varmt portrett han teiknar av ein far som stilte opp for barna sine, som var nyskapande og svært oppfinnsam både på jobben og når han laga språklege uttrykk som sonen stadig heldt levande. Faren lo mykje, var musikalsk og oppmuntra sonen til å teikne. Samtidig blir det også etterkvart klårt at han drakk mykje. Truleg hadde han vore svært deprimert i lang tid. Kanskje hadde han allereie begynt å tenke seriøst på å ta sitt eige liv før han og mora vart eit par?

Sorgarbeid er også minnearbeid. Sonen går gjennom alt som er igjen etter faren, om det er understrekningar i Tollak B. Sirnes si bok om depresjon eller gamle foto av familien. Eit foto av hans eigen hårsveis gjer at han faktisk må korrigere sine gamle teikningar. For minnet er jo ikkje bestandig heilt til å lite på. Han hugsar eit avskjedsbrev faren la igjen og at mora oppbevarte det i nattbordet. Men sjølv las han det aldri. Akkurat det er feil, seier kona hans. Ho fortel at han las det og reagerte på den nesten kvardagslege avslutninga med frasene «ha det bra». Men akkurat det er stadig sletta frå minnet. Lesaren får også glimt av forteljingar Kverneland har valt å la ligge litt i mørke, som dei litt gåtefulle portretta av storebroren som også er død.

Det som imponerer mest med En frivillig død er motet forfattaren har til å gå inn i det mørket som omgir sjølvmordet til faren – og evna til å skildre både korleis han ser for seg det som skjedde i mørket og korleis det er å leve vidare som son etter at det uforståelege har skjedd. Han skriv sjølv over ei teikning som er nesten heilt svart mot slutten av boka: «Det er et ubegripelig mørke i det å ville ta sitt eget liv som jeg sannsynligvis aldri vil forstå. Jeg har det ikke i meg.»

Dei gjenlevande

Maria Navarro Skaranger debuterte med eit brak med boka Alle utlendinger har lukka gardiner for to år sidan. Det er ei strålande oppvekstskildring frå den fleirkulturelle bydelen Romsås i Oslo, skrive i eit nyskapande talenært språk, nokre kalla det kebabnorsk. I Bok om sorg gjer Skaranger noko heilt anna. I den vanskelege andreboka går ho, som de kanskje allereie har gjetta, med opne auge langt inn i ein vanskeleg tematikk: Kva skjer med ein familie der ein son tar livet av seg?

Etter å ha slite med livet i lang tid vel den trettiårige Nils å avslutte livet. Skildringa av korleis dei gjenlevande reagerer på dødsfallet blir ført i pennen på normert bokmål av veslesøstera som er lærar. Romanen følgjer familien ved hjelp av 240 omhyggeleg nummererte små avsnitt gjennom dei første tretten månadene som går etter dødsfallet.

Umogleg å førebu seg

Noko av det fine med denne skildringa er at forfattaren tør la heilt motstridande reaksjonar på det som skjedde, stå ved sidan av kvarandre. På den første sida synest alle å vere samde med broren som seier at dette slett ikkje var uventa, at dei eigentleg alle var førebudde på at dette ville skje. Men etter kvart blir det også tydeleg at det er umogleg å førebu seg på ei slik ugjenkalleleg hending som skaper eit før og eit etter. Dei nærmaste etterletne: mor, far, søster, bror og bestemor reagerer heilt ulikt. Dei er ikkje særleg gode på å snakke saman om det som har skjedd. Søstera som fortel, går langt tilbake til barndomen for å prøve å forstå. Kanskje kan det dårlege forholdet mellom mora og faren vere ei årsak til at Nils vart sjuk? Oppdatert på nyare faglitteratur kan forteljaren slå fast at ein ikkje trur på slikt no lenger: «Nå tror de heller på en kjemisk reaksjon i hjernen, for mye kommunikasjon i hjernen, en rekke uheldige sammenfall.»

Ikkje lettare

Skildringane av dei ulike reaksjonane i familien viser også at den måten vi ofte tenker om sorgprosessar og dei velmeinte råda vi gir kvarandre, ikkje nødvendigvis er heile sanninga. Det er ikkje sikkert at det blir lettare etter kvart. Det er ikkje sikkert det er sant det dei seier i sorggruppa at det hjelper å sette ord på ting og fortelje. Heller ikkje at det gjer godt å gråte. Og ein av desse etablerte sanningane om normal utvikling etter eit slikt dødsfall, er hovudpersonen regelrett ueinig i: «Man skulle trodd at når det ene barnet dør og de to andre blir igjen, så føres de gjenværende barna tettere sammen. Sånn skal det jo være.» Men ho opplever det ikkje slik.

Skaranger tør å ikkje nøye seg med korleis det skulle vere, men vågar å lage eit nærgåande portrett av ein familie som reagerer ulikt. Svært ofte går det slettes ikkje etter boka. Det er nettopp noko av det som gjer denne romanen så god. Skaranger viste med den første boka si at ho kan skrive. Med Bok om sorg har ho også vist at ho tør og får til å skrive på ein annan måte om eit heilt anna, men ikkje mindre viktig, emne.

Fellestrekk

Etter å ha lese desse to gode og innbyrdes ulike bøkene om sjølvmord og sorg, tenker eg at dei har fleire fellestrekk. Ein opplagt ting er jo at det i begge tilfelle er menn som tar livet av seg. Det stemmer jo stadig med sjølvmordstatistikken der menn er overrepresentert. I tillegg er det også nokre detaljar som er like: Til dømes oppfattar dei som sørgjer, mykje av det dei opplever som teikn. Både Kvernelands mor og den fiktive mora til Nils tolkar fuglar dei ser som teikn på at den døde stadig er nærverande.

Det viktigaste desse to gode bøkene har til felles er at dei viser kor samansett og kompleks sorgprosessen er. Tida leger absolutt ikkje alle sår. Å snakke om det er nettopp lettare sagt enn gjort. Sorg som varer er i seg sjølv eit teikn på at kjærleik finst og at vi er avhengige av andre.

Farleg kvalitet

Etter å ha lese dei danske teologane si vurdering av Den unge Werthers lidelser, er eg usikker på om dei skjønte kva skjønnlitteratur var. Ein viktig grunn til at dei gjekk inn for å forby den danske omsettinga, var at dei oppfatta nokre av utsegnene om kristen tru og skildringane av at Werther forelskar seg i ei gift kvinne, som både umoralske og farlege. Faren for smitte ved skildring av sjølvmord blir knapt nemnt. Sluttsetninga i dette dokumentet frå 1776 er like fullt minneverdig: Boka er nemleg «des meer farlig for uskyldige og ey vel grundede Mennisker, da Forfatteren har givet sig Umage nok at fremsætte alt i en smuk Stiil og et blomstrende Foredrag». Den høge litterære kvaliteten gjer boka meir farleg, tenkte altså teologane for snart 250 år sidan.

Litteratur som motgift

Dei to nye bøkene om sjølvmord er begge svært gode. Dei er ikkje farlege av den grunn. Eg kan ikkje tenke meg at nokon får lyst til å gjere som Kvernelands far og Nils etter å ha lese bøkene. Kanskje kan god litteratur tvert om vere ei motgift mot sjølvmordstankar?

Dei som er i ferd med å gjere alvor av tankane å ta sitt eige liv, gir ofte uttrykk for at det ikkje finst andre utvegar eller alternativ. Mange sjølvmordsbrev set eintydige ord på opplevingar med kjærleik eller hat, svært ofte begge delar i ein samansett miks. Etter ei inngåande lesing nettopp av Den unge Werthers lidelser i boka Sykdom som litteratur, konkluderer Bondevik og Stene-Johansen at for den som er i ferd med å ta livet av seg, har språket opphøyrt av vere fleirtydig og dialogisk. Eit slikt heilt eintydig språk heng nært saman med ei forståing av røyndommen der det ikkje er nokon veg utanom, ingen vegar ut og derfor ingen alternativ. Språket har ikkje berre opphøyrt å vere litterært, det er ikkje lenger i stand til å kommunisere og blir utan liv og nyansar.

Klokare

Gode og kloke litterære skildringar av det samansette ved sjølvmord, kan nettopp vere medisin eller verksam biblioterapi, om ein vil kalle det, når språket og røyndommen trugar med å bli eintydig og livlaus. Eg vil derfor tilrå store dosar Kverneland og Skaranger for alle. Eg har blitt klokare av å lese desse vakre bøkene.

Men eg kunne stadig ha lyst til å forstå meir om kvifor særleg unge jenter vel å ta sitt eige liv. Eg ser fram til å lese skildringar, som både er empatiske og litterært gode, som gjer det mogleg for oss å skjøne meir av slike nesten helt uforståelege hendingar.

Rolv Nøtvik Jakobsen er teolog og litteraturkritikar i Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker