Bibelen har mange forteljingar om menneske som blei kalla av Gud. Abraham blei kalla til å forlate heimstaden sin og reise til det lova landet, Kanaan. Moses blei kalla til å føre folket sitt ut av fangenskapet i Egypt. Jesus kalla dei tolv læresveinane sine. Og Paulus fekk apostelkallet i møte med eit sterkt lys på himmelen, då han var på veg til Damaskus.

Eit kall er ofte ei Damaskus-oppleving, som inneber ei forvand­ling av det radikale slaget. Slik var også fleire av kallserfaring­ane til dei gammaltestamentlege profetane. Jesaja ser Gud og uttrykker redsle – ve meg! – fordi han er ein mann med ureine lepper. Men han blir kalla ved at ein engel rører ved munnen hans med ei glo frå altaret i Jerusalems tempel. Når Gud spør: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?», svarer Jesaja: «Eg! Send meg!»

Jesaja responderte positivt på Guds kall, noko som ikkje er tilfelle for alle som blir kalla i Bibelen. Profeten Jona prøvde å rømme frå Guds kall, det førte ifølgje bibelteksten til at han blei slukt av ein fisk. Både Moses og dommaren Gideon var trege med å svare ja når Gud utfordra dei. I diskusjon med den unn­vikande Moses blir Gud, frå tornebusken, brennande arg, og må praktisk talt tvinge Moses til å bli den leiaren for folket sitt som han i ettertida blir hugsa som.

Kallserfaringar går ofte på tvers av eigne ønske og behov. Men slett ikkje alltid. Det finst mange munkar, misjonærar og prestar som har opplevd stort samanfall mellom kallet til teneste og personleg engasjement for den same tenesta.

Såleis også med politikken, der ein langtidspolitikar nærmast er nøydd til å ha ei form for kall som indre drivkraft. Og slik er det med kunsten og litteraturen. Mange forfattarar kan kjenne skrivinga som eit kall. Dei er nøydde til å skrive, sjølv om det finst flust av både økonomiske og andre typar hindringar.

Ei ny bok undersøker korleis ulike erfaringar av kall kjem til uttrykk i den skandinaviske samtidslitteraturen. Kallsvaria­sjoner. Postsekulære kall i skandinavisk litteratur stiller blant anna spørsmålet om korleis det er mogleg å kjenne seg kalla i ei tid der religiøse autoritetar er svekka. Redaktør Stine Holte legg nemleg vekt på at vi må forstå religiøse kallserfaringar når vi skal snakke om moderne, sekulariserte kallserfaringar. Det gjer boka til ei høginteressant vandring i eit særs spennande terreng.

Kallets idéhistorie, så å seie, er ein givande veg å følgje. Til dømes meinte den tyske politiske tenkaren Carl Schmitt at alle viktige omgrep i moderne statslære kan forståast som sekulariserte teologiske omgrep. Sjølv om påstanden kan problematiserast, er det interessant å undersøke korleis politiske, etiske og estetiske kall kan tolkast som sekulariserte teologiske kall.

Blant dei mange interessante tekstane i boka, handlar Svein Aage Christoffersens tekst om korleis kallstanken blir sekularisert samtidig som moderniteten bryt fram i Henrik Ibsens dramatikk. Kallet går frå å vere eit kall om å tene sin neste til å bli eit kall til sjølvrealisering.

I forlenginga av dette ligg det ein kime til viktig samfunnskritikk, og også eit sjølvkritisk tankekors til forfattarar av i dag. Kvar ligg kallet til litteraturen? Ligg det i litteraturen sjølv eller i sjølvrealiseringa?

I Kari Løvaas' tekst, som tek utgangspunkt i Hanne Ørstaviks Kallet – romanen og Kristine Næss' Bare et menneske, undersøker ho korleis erfaringar av kall seier noko essensielt om kva eit menneske djupast sett er.

Kallet definerer oss som menneske. Og kallserfaringane er med på å definere den skandinaviske samtidslitteraturen.

Leder /