«Hosianna i det høgste! Velsigna være han som kjem i Herrens navn! Hosianna i det høgste!» Desse setningane syng me ved nattverdfeiringa søndag etter søndag. Dei er henta frå Matteusevangeliet 21,9, der «Davids son» også er med. Folket syng for Jesus når han rid inn i Jerusalem, og Markus 11,9 og Johannes 12,13 har det same. Denne lovprisinga av Jesus på Palmesøndag er sitat frå Salme 118,25 og 26, litt tilpassa.