Går du inn på eit bibliotek i Oslo, er sjansen stor for at du legg merke til noko uvant: Utlån av verktøy som drill, vater, og multislipar. Sist veke uttalte leiar i Foreningen !les, Silje Tretvoll, seg kritisk til dette til NRK: «Målet med norske folkebibliotek er ikke at man skal komme og låne en drill. Målet må være lesing.»

Det er lett å seie seg einig. For skal ikkje biblioteket vere bokas høgborg?

Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforening, seier tvert imot: «Det er så mange måtar å bruke eit bibliotek aktivt på, utan å låne med seg ei einaste bok.»

Schjeide seier det er besøkstala dei er oppteken av, sjølv om det er hyggeleg om utlånstala òg går opp.

Utfordring

Biblioteka endrar seg, slik alt anna i samfunnet endrar seg. I Oslo er det tydeleg i arkitekturen: For å komme inn i Deichman sitt gamle hovudbibliotek må du gå opp fleire trappar, slik ein før i tida tenkte ein måtte klatre og slite for å tileigne seg bokleg kunnskap. Truleg vil det nye hovudbiblioteket likne meir på det moderne biblioteket vi finn i Amsterdam. Her er det rulletrapp rett innanfor hovudinngangen, heile vegen opp til alle etasjane. Kunnskapen og bøkene skal vere tilgjengeleg for alle.

Biblioteka har òg fått ein inspirerande utfordrar i alle landets litteraturhus. Sidan Litteraturhusets suksess i Oslo, har ein måtte tenkje nytt. Det skjedde fort.

Aktualiserer

Allereie i 2014 tredde ei revidering av biblioteklova i kraft, der det står at «folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt». Hausten 2015 la kulturminister Widvey i Erna Solbergs regjering fram Nasjonal bibliotekstrategi 2015–2018: «For å utvikle bibliotekene som debatt- og litteraturhus vil bibliotekene i strategiperioden både kunne få støtte til mindre tilrettelegging av bibliotekrommet og til å øke antall arrangementer og aktiviteter.»

I dei seks åra (inkludert 2019) som er gått etter at Biblioteklova vart revidert, har staten via Nasjonalbiblioteket løyva 101,1 millionar kroner til norske folkebibliotek. Det vil seie bort imot 17 millionar i året for å realisere biblioteklovens formålsparagraf, ei vesentleg styrking av bibliotekets primæroppgåve.

Dette er eit tydeleg eksempel på at politisk leiing og det bibliotekfaglege feltet raskt tok inn over seg endringar i felten. Talet på litterære arrangement i biblioteka har dei siste åra eksplodert. Kanskje kan vi kalle det ein stille revolusjon. Biblioteka har ikkje berre aktualisert seg, men òg aktualisert bøkene som står i hyllene.

Så kan ein framleis spørje seg: Kvar blir det av bøkene? Kvifor stig ikkje utlånstalet meir?

Tenker nytt

Eg trur dette er ei utfordring som biblioteka alltid vil stå i. Ein kjem ikkje forbi at det blir ramaskrik kvar gong bøker blir kasserte. Eller når nokon kjem inn i biblioteket og lurer på kvifor det er så få bøker der. Eller kvifor du kan låne ein vinkelslipar. Dette er reaksjonar som burde vere velkomne, fordi dei viser engasjementet for ein institusjon eit stort tverrsnitt av folket aktivt bruker. Men òg fordi det utfordrar dei som styrer med biblioteka – dei må argumentere for sine val.

Biblioteka har dei siste åra opna opp for korleis ein tenkjer omkring formidling av litteratur. Å låne ut verktøy bringer folk inn til bøkene. Det er eit godt eksempel på at det er i biblioteka det blir tenkt nytt.