Bøker

Ein heilt annan stad

Annlaug Selstø har valt å gjere noko anna enn dei fleste andre debutantar.

– Eg hadde veldig stille helger då eg var i Sør-Sudan. Når det ikkje var pasientar, var det ikkje noko å gjere. Eg budde ute i bushen, og det var ikkje mange plasser å gjere av seg. Så då jobba eg med eit romanprosjekt, som seinare viste seg å bli til noveller. Og av desse novellene vart ei av dei til denne romanen, seier Annlaug Selstø, nyleg ute med Vera ein annan stad.

Selstø debuterer med ein roman frå eit afrikansk land, og eg har nettopp sagt til henne at dette er uvanleg.

– Men eg har bakgrunn som sjukepleiar i felt, seier ho.

Du har vore ute sjølv?

– Ja, eg har vore på fire oppdrag for Leger uten grenser. Det tredje var i Sør-Sudan.

Så dette er noko du sjølv har erfart?

– Delvis. Det er jo ein roman. Men eg har lånt bakteppe frå omgivnader eg er kjend med.

Sjukepleiar i bushen

Vera ein annan stad handlar om Vilde som er sjukepleiar. Ho reiser ut i bushen i eit land i Afrika for å jobbe med underernærte barn. Då eg spør Selstø om det var arbeidet ho gjorde for Leger uten grenser som fekk henne til å skrive denne romanen, trekk ho litt på det.

– Eg skulle gjerne sagt ja, men det var nok ein meir tilfeldig veg fram til romanen. Eg er engasjert i Sør-Sudan. Samtidig har eg eit engasjement for papirlause her i Oslo òg, og eg trur det er det same engasjementet. Eg lever livet mitt og skriv om det som engasjerer meg.

Romanpersonen Vilde er sjukepleiar, og ho er den einaste vestlege på klinikken. I første halvdel av boka må ho bli kjent med og meistre alt som er nytt for henne. Selstø seier at Vilde har indre og ytre utfordringar.

– Eg trur at når du kjem til ein stad der alt er nytt, så har du svært opne sansar. Det krev mykje tankearbeid av deg.

Vanskeleg balanse

Selstø stoppar opp og tek ein lengre pause. Eg fortel at eg sjølv har budd i nokre år i Tanzania, og kjente meg igjen i boka hennar: Det med å vere usikker på om du blir tatt alvorleg, om du misforstår situasjonen. Kva skal du vere takksam for, og når du må sette ei grense og seie ifrå. I Vera ein annan stad må til dømes hovudpersonen gå og vekke vakta som alltid søv på post.

– Det å vere gjest i eit land er noko ein må reflektere over. Ein må gå litt varsamt og føle seg fram. For Vilde er det eit ekstremt skifte av kontekst. Ho har ingen andre vestlege som kan hjelpe henne. Eg trur det ho er usikker og lurer på, er ting som det er vanleg å bli usikker på og lure på i den situasjonen. Ho kjem til ein framand stad og skal vere leiar på ein klinikk i bushen. Å sette grenser, å vere tydeleg nok, men ikkje for streng, det er ein vanskeleg balanse. Det er ikkje lett.

Intuitiv

Nokre scener i Vera ein annan stad gir ei ubehageleg kjensle. I eitt tilfelle passar Vilde på ein liten baby mens søskena blir behandla på klinikken. Då dei skal dra, kjem mora bort og seier at Vilde kan ta babyen med seg heim til Noreg. Selstø seier ho ikkje planla slike scener i boka.

– Eg er nok meir intuitiv i skrivinga mi. Men eg tenker at ei mor kan gjere slik som denne mora gjer. Å vere ei god mor og skape eit betre liv for barnet sitt. Frå mora si side er det eit ønskje om å gjere noko godt for barnet.

Men det gir eit problematisk bilde av hjelpearbeidarar?

– Eg tenker at hjelpearbeidarar er personar slik som oss andre. Ting skjer veldig fort i samfunnet vårt, alt skal samanfattast i overskrifter. Då kan ting bli litt svart-kvitt. Det er lett å idealisere hjelpearbeidarar og lage heltebilde av dei. Men på slutten av dagen er dei berre heilt vanlege menneske.

I boka ligg det òg ei kjærleikssorg og skurrar i bakgrunnen. Vilde har reist ifrå eit havarert forhold heime i Noreg.

– Når Vilde reiser så langt vekk, er ho likevel nærare det ho har reist ifrå, seier Selstø. – Alt er så blotta rundt henne. Når ho ligg i teltet på natta, så kjem alt tilbake til henne.

Bistand eller naudhjelp

Eit grunntema i boka er maktesløyse. Både når Vilde er i felt i Afrika, og når ho tenker tilbake på det ho hadde heime. Men Selstø er først ikkje einig med meg i dette.

– Du seier maktesløyse, eg tenker aksept. Men det er kanskje det same. Vilde går frå å vere makteslaus til å akseptere det ho har opplevd og står oppe i. Ho veit at det er ein del ting ho ikkje kan, som til dømes å hjelpe menneske som kjem inn med skotskadar. Men etter kvart aksepterer ho denne maktesløysa i staden for å kjempe med henne.

Vera ein anna stad er ei bok som får deg til å tenke på det evige spørsmålet om bistand: Er dette eit håplaust prosjekt? Er det berre ein dråpe i havet? Selstø rettar seg opp når eg seier dette, og svarar raskt.

– Då må eg skilje mellom bistand og naudhjelp. Naudhjelp er meir akutt, og det er lettare å fikse eit akutt problem enn eit kronisk problem. Bistand er meir varig og går over lang tid. I boka mi skriv eg litt om «malnourishment season» som er når avlinga frå fjoråret er ete opp og dei ikkje kan hauste på nytt. Dette skjer kvart år. Då kan ein stille seg spørsmålet om det er eit kronisk eller akutt problem.

Vil dele historier

Sidan Annlaug Selstø er debutant, må ho gjennom våre faste debutantspørsmål. Ho tek ein lang pause då eg spør henne kva ho ønskjer å få til med skrivinga si.

– Eg veit ikkje om eg ønskjer å få til noko konkret.

Ho blir stille igjen.

– Kanskje eg har lyst å dele historier, seier ho etter kvart. – Og få fram at folk er ganske like sjølv om dei er forskjellige. Eg veit ikkje om eg greier å vise det her, men…

Igjen blir ho stille.

– Eg kjem til å konfrontere deg med dette svaret om ti år.

Selstø ler.

– Er det vanskeleg å svare på eit slik spørsmål når du er debutant og berre har skrive ei bok?

– Eg har skrive i mange år før denne boka. Så eg har fått ein del realitetssjekkar undervegs. Det kjennes godt å ha komme i mål. Eg sendte manuset inn til Samlaget, og då gjekk det veldig fort, sjølv om det var eit utkast redaktøren fekk sjå. Men han kjente til korleis eg arbeidde frå før. Og han visste kanskje at eg kunne få til å gjere det som trengte å bli gjort.

– Det er mange som ikkje vil sende inn manus før dei er heilt ferdige?

– Ja, eg er nok litt der sjølv. Men eg kjente med dette manuset at eg var redd for å køyre meg fast. Så gjorde eg det motsette av det eg har pleidd å gjere. Og det fungerte.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker