Bøker

Den vonde kjensla

Kva skjer med barnet som blir valdtatt? Med diktsamlinga Hvis lar Tine-Jarmila Sir oss lytte til det barnet sjølv kan fortelje.

– Når vi høyrer om overgrep, høyrer vi ofte versjonen til overgriparen. Her får du versjonen til barnet. Dette er ein måte å eige historia på. Det er enkelt å nekte for at overgrepet har skjedd, for då kan verda halde fram slik ho var. Men viss nokon kjem og seier at slik og slik og slik skjedde det, det skjedde, så er du nøydd til å gå i møte med det. Då kan du ikkje berre late som du ikkje høyrer, eller sjå bort.

Rett i ansiktet

På ein kafé i Oslo sit Tine-Jarmila Sir og snak­kar om Hvis, den nye diktsamlinga hennar. Dikta handlar om eit barn som blir utsett for overgrep. Dikta er vonde å lese, men dei er òg rasande. Sir seier ho ønskjer at lesarane skal få dei smelt rett i ansiktet.

– Om du likar denne boka eller ikkje, er ikkje så farleg. Men du kan ikkje stille deg likegyldig til henne. Ingenting er pakka inn. Målet har vore å fortelje akkurat kva eit overgrep er, kva det gjer med ein, ikkje å beskytte lesaren.

– Beskytte lesaren?

– Når det blir skrive om overgrep i media eller i skjønnlitteraturen, opplever eg at lesaren blir beskytta frå det som er verst, sjølve overgrepet. Som faktisk er krenkinga. Det blir lagt meir vekt på å snakke rundt det, i staden for å gå rett inn og seie at dette var det som skjedde. Det er så tabubelagt, vi greier ikkje førestille oss at dette skjer med barn.

– Det er sjeldan vi får høyre kva offeret i ei overgrepssak har gått og går gjennom.

– Ja, offeret blir ikkje høyrt. Du må gå inn i ein rapport, eit rettsreferat, oppsøke det, for å forstå. Når vi berre tek inn det som kjem gjennom media, blir det ufullstendig. Men her, i boka mi, skriv eg det slik det er. Så kan vi sleppe å høyre forsvaret. Vi kan lytte til barnet for ein gongs skuld.

Ei ny bølge

Tine-Jarmila Sirs bok er ikkje den første boka i haust som handlar om overgrep. Fleire forfattarar skriv om dette i nye sakprosabøker, romanar og no dikt. Når eg spør Sir om det er ei ny bølgje vi ser i litteraturen, er ho skeptisk.

– Det er meir at det blir spegla av Metoo-kampanjen. Alt dette har vore så mykje i media. Kanskje folk no endeleg kan ta til motmæle og fortelje historiene sine. Tidlegare har det blitt hysja ned og lagt bort. Men om det er ei bølgje? Hm, huff, nei, eg vil ikkje vere ein del av ein trend. Men det kan hende at no har vi fått nok.

– Også i Noreg?

– Ja. Eg tenkjer det er bra at vi i Noreg begynner å skrive meir politisk, at vi tør. Vi har vore litt for koselege. Eg synest det er fint å sjå at politikken kjem inn i skjønnlitteraturen, og at det ikkje blir gjort til noko uhandgripeleg. Vi trur at alt her er hygge, at vi er pakka inn i ei boble med hyttetur og kos. Vi lever så godt, vi ser berre rolege forstader, flott natur og høge fjell. Eg viser ei anna side av Norge.

Mur av aggresjon

Hvis er ei av dei såraste bøkene som kjem ut denne hausten. Men òg ei av dei sintaste. Ein stad i boka står det: «å hate er et sterkt ord / men det er det eneste jeg har». Sir seier ho ønskte å få fram denne vekslinga.

– Når du er sint, har du ein mur av aggresjon, eit skjold som gjer at du ikkje kan bli såra. Men samtidig vil du jo berre bli sett og anerkjent for det som har skjedd med deg. Så i all aggresjonen finst det ei enorm sårbarheit. Du vil at nokon skal halde ut det sinnet og vere der når du er ferdig med å vere sint. Skjoldet kan du ikkje ha heile tida, det nyttar ikkje. Men sinnet kan endre seg, du kan prøve å forstå det, snu på det, bruke det til å forstå kva det var som skjedde.

– Nesten alle dikta i boka startar med eit «hvis», noko tittelen også viser til. Kva er dette «hvis»-et?

– Eg-personen er låst fast i historia si, i verkelegheita si, med overgrepa. Ein står ofte aleine i eit overgrep. Det er eg-et mot resten av verda. Eg tenkte at kva om du søkte utover? Kva ville David Foster Wallace sagt om dette? Kva ville mine litterære heltar, forfattarar eg har lese, tekstene deira, sagt om saka? Eg bruker dei for å fortelje om overgrepa. Det er min måte å pakke det inn på. I staden for å berre bruke mine ord, tek eg i bruk litteraturen for å fortelje om dei verste tinga som kan skje eit barn.

Litterær vennegjeng

Sir seier ho les litteratur like gjerne for å spegle sine eigne kjensler og tankar. Forfattarane ho refererer til i Hvis, er dei ho sjølv har tydd til når ho har sete fast. I boka hennar møter vi alt frå Lars Saabye Christensen til Sylvia Plath, frå Josefine Klougart til David Foster Wallace.

– Eg har gått til David Foster Wallace, som er min store helt, for å sette ord på ting. Det er som å gå til kompisar, til ein vennegjeng eg har rundt meg. Dette er dei eg vil ha med meg i krigen. Eg treng desse folka rundt meg. At Foster Wallace no er klaga for vald og overgrep sjølv, viser at kven som helst kan vere overgripar. Til og med ein i vennegjengen din. Eg kjem nok til å lese han med eit anna blikk framover.

– Det viser kanskje korleis tekst og bøker kan verke på ein lesar?

– Ja, litteratur resonnerer utifrå kven som les han. Det kan hende du hadde lese det eg las og tenkt at det var inkjeseiande, men for meg treff det noko personleg. Slik er det med litteratur, det kan treffe oss på ulike måtar.

Litteratur som trøst

I eit tidlegare nummer av Bøker har litteraturprofessor Tone Selbo snakka om litteratur som trøyst. Er det noko du kan kjenne deg igjen i?

– Eg trur aldri eg har brukt litteraturen som trøyst. Eg trur eg har brukt han som ein spegel. Viss eg er lei meg, les eg 
ikkje bøker for ikkje å bli lei meg. Det er heller slik at eg ønskjer å gå djupare ned i det vonde. Som igjen er ei slags trøyst, for det er ei stadfesting. Det viser at det ikkje berre er meg som er nede i dette djupe mørket.

– Og viss dine litterære heltar er kompisar, så trøystar dei kanskje?

– Ja, det er sant, dei stadfester meg heile tida. Eg kan ty til dei. Er det ein kjip kveld, så kan eg springe til David Foster Wallace, og så kan vi ha ein kveld saman. Og då er det greitt. Eg veit kva han gir meg, og eg veit at han er på mi side. Så ja, jo, det er ei trøyst der. Men eg leiter ikkje etter ein veg ut av det triste. Vi kan heller sitte der og vere lei oss. Og så tek vi ein dag til etterpå. Det gjer at eg held ut. At eg orkar ein dag til.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker