Bøker

Den største forteljinga

Forteljinga om korleis Gud blei fødd til verda som eit lite barn, er blant dei største i verdslitteraturen. Ho gir grunn til glede.

Denne saken ble først publisert i 2018. Vårt Land publiserer på nytt i forbindelse med julehøytiden.

Bokåret går mot slutten og julefeiringa står for døra. For oss som er interesserte i litteratur, er det sterkt å sjå kor mange som samlast om ein litterær tekst kvart einaste år på denne tida. Juleevangeliet, blir han kalla, den vesle passasjen frå Lukasevangeliet. Forteljinga om korleis Gud blei fødd til verda som eit lite barn, er blant dei største i verdslitteraturen. Og forteljinga gir grunn til glede.

Ei vanleg tidfesting av Lukasevangeliet er rundt år 80 etter Kristus. Den anonyme forfattaren er frå tidleg kristen tid blitt oppfatta som legen Lukas, ein av medarbeidarane til Paulus. Og Lukas, som ofte blir kalla for «historikaren» blant evangelistane, går grundig til verks, slik han opnar evangeliet med ei programerklæring til mottakaren Teofilos: «Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss, slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augevitne og tenarar for Ordet. No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av, så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.»

Når vart Jesus fødd?

Sjølv kor grundig Lukas har vore, finst det ein del vanskar med tidfestinga av når Jesus eigentleg vart fødd. Ifølgje andre historiske kjelder var ikkje Herodes konge på same tid som Kvirinius var landshovding i Syria – difor har det alltid vore diskusjon om det eksakte tidspunktet for Jesu fødsel.

Den romerske teologen Hippolyt, som vi har skrive om i Bøker tidlegare i haust, kom på 200-talet fram til at datoen for Jesu fødsel måtte vere den 25. desember. Dette synspunktet vann fram, og kristne har feira datoen sidan – sjølv om det for dei fleste nordmenn er julaftan som i vår tid feirast aller mest.

Dramatikk

Mange går til kyrkje på julaftan og får høyre juleevangeliet der. Det er ein kort og innhaldsrik tekst, med stor dramatikk på få linjer. Maria og Josef dreg til Betlehem for å skrive seg inn i manntalet, noko som måtte skje i Betlehem fordi Josef var «av Davids hus og ætt». Lukas skriv: «Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.»

Den siste setninga har skapt sterke julekrybbebilete i dei fleste av oss. Og sjølv om bibelteksten ikkje nemner nokon stall, er han likevel så tett vevd saman med krybba både i kunsten og i den folkelege forståinga av julemysteriet, at han ikkje kjem til å forsvinne ut av biletet med det første.

Glede for heile folket

«Herberget» står det heller ikkje noko om, som vi såg ovanfor, det står berre at det ikkje var husrom for Josef og Maria. Men både gjetarar og englar er heldigvis framleis på plass når vi les resten av juleevangeliet. Englane lyser opp den mørke natta og fortel gjetarane om ei glede for heile folket: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

Forteljinga sluttar aldri å fascinere oss, sjølv om det også kan vere fort gjort å sette på autopiloten under lesinga – teksten er jo så kjent. Men bak dei velkjente orda ligg ei mektig historie om ein Gud som kjem menneska i møte som eit lite barn. Dimensjonane er eigentleg for store til å fatte. At Jesus skulle vere Guds son, var frå starten av både ein stor trugsel og eit uttrykk for den verste blasfemi.

Også for dei mange som i dag ikkje kan skrive under på denne påstanden, ligg det ei stor kraft i tanken på barnet som verdas håp. Barnet er det største i himmelriket, sa Jesus. Og sjølv kom han til jorda som den minste av alle. Jesus kom til det låge, for å løfte oss alle opp.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker