Leder

Den lågmælte skrivekunstnar

Jan Jakob Tønseth (1947–2018) hadde ei sober og eksistensielle stemme som har sett spor etter seg i norsk litteraturhistorie.

Forfattaren Jan Jakob Tønseth er død, 71 år gammal. Den norske bokheimen har mista ein av sine beste, ein sober litterat som lét bøkene tale for seg. Sjølv var han aldri brautande, heller ikkje utprega sosial, men han tok velviljug imot besøk i det store og romslege trehuset der han budde i mange år. Det var ein forfattarbustad av format, med tusenvis av bøker i bokhyllene. Der kunne han skrive, helst i skrivestua i kjellaren.

Prisløna

Tønseth var ikkje ein forfattar som alltid fekk den store og breie merksemda bøkene hans hadde fortent. Samtidig var han høgt verdsett særleg i forfattarkrinsar, og han fekk fleire litterære prisar. Han var til dømes den første mottakaren av P2-lytternes romanpris (i 1997), for bok nummer to i trilogien om Hilmar Iversen, den bibellesande kommunisten frå nord. Iversen deltek i den spanske borgarkrigen (Hilmar Iversens ensomhet), blir partisekretær i NKP (Et vennskap) og deretter trekker seg heilt ut av politikken (Resignasjon og portvin).

Religiøs freisting

Tønsteh fekk blant anna også Doblougprisen i 2007. Året før hadde han komme med novellesamlinga von Aschenbachs fristelse, der han blant anna hadde skrive ein sterk tekst om apostelen Peter. Boka blei nominert både til Nordisk råds litteraturpris og Brageprisen.

Den religiøse freistinga som Tønseth kjem inn på i denne boka, er ein tråd som kan finnast i fleire av bøkene hans. Han skreiv om behovet for myter og religion allereie i Referanser (fjerne og nære) frå 1979. Han henta næring frå Bibelen i nyare diktsamlingar som Fromme vers for enkle sjeler (2008) og Muntre dødsdikt og andre dikt (2015). Han skreiv romanen Prosten (2013) om morfaren sin, Kristen Skjeseth, prost i Lofoten.

LES OGSÅ: Forfatteren og lyrikeren Jan Jakob Tønseth likte å skrive mens han hørte skrittene til kona Grete i etasjen over.

Preiker i ein koffert

Eg intervjua Tønseth om Prosten, og fekk blant anna høyre om dei 4000 preiketekstane han hadde funne etter morfaren, i ein koffert på loftet. Det var den reine røvarhistoria med religiøst forteikn!

Tønseth fortalde meg noko morfaren ofte hadde preika om: At om du mistar trua di, skal du ikkje gi opp håpet av den grunn. Dette sterke vitnesbyrdet om Guds nåde treff meg like sterkt i dag som det gjorde for fem år sidan. «Dersom Jesus hadde sagt: Den som trur på meg, trur på Faderen - då kan eg seie at eg er truande», sa Tønseth sjølv då eg spurde.

Kreftsvulst

Nokre år tidlegare hadde han mista kona si, Grete. Og hausten 2012 kom det meir eksistensielt alvor inn i livet hans. Kulen han hadde oppdaga på brystet, var vondarta kreft. Han blei operert, og gjekk til fots dei 20 minutta heim frå Ullevål sjukehus allereie dagen etter, på stabukkvis.

Kreftsjukdommen var kronisk. Då vi intervjua Tønseth for nokre månader sidan, fortalde han at han blei fortare sliten av å sitte. Difor låg han gjerne på sofaen i den nye leilegheita si og skreiv, for hand, og utkasta til ei ny diktsamling var allereie ferdig.

LES OGSÅ: Menn får sjelden brystkreft. Muntre dødsdikt skrives heller ikke ofte.

Sober stemme

No har Tønseth omsider lagt ned pennen, og vi minnest ein forfattar som var kompromisslaus på den gode litteraturens vegne. Han hadde mellom anna hjarte for og stor kunnskap om fransk litteratur, slik han blant anna var utdanna cand. philol. med fransk hovudfag og gjendikta store franske forfattarar som Rimbaud, Mallarmé og Apollinaire til norsk.

Jan Jakob Tønseth hadde ei sober og eksistensielle stemme som har sett spor etter seg i norsk litteraturhistorie. Det var eit eksistensielt løft over bøkene hans som hos få andre. Sjølv var han lågmælt, men bøkene hans har framleis stor kraft.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder