I Per Pettersons nye roman, Menn i min situasjon, dreg hovudpersonen, Arvid Jansen, stadig på biltur til den svenske småbyen Arvika. Her sit han på konditori og les bøker, og her går han ofte innom den kristne bokhandelen Bokträdet. Kanskje ikkje for å kjøpe kristne bøker, men så var det Selma Lagerlöf, då. Arvid innrømmer også at han ein gong kjøpte ein bibel der på bokhandelen i Arvika, ein svensk bibel, på originalspråket, som den svenske forfattaren Vilhelm Moberg skal ha sagt. «Da ble mannen i Bokträdet ekstra glad.»