Frå Dei gule vestane i Frankrike, via amerikanske arbeidarar som støttar opp om Trump, til bompengeaksjonistane i Noreg: Å kjenne seg makteslaus får stadig nye uttrykk. Om du støttar opp om desse politiske opprøra eller ikkje, er det smart å prøve å forstå kvifor dei kjem. Vår kritikar Kjetil Røed skriv i dag om danske Rune Lykkebergs bok Vesten mot vesten, og nemnar både Pankaj Mishras Raseriets tidsalder og Francis Fukuyamas Identitet som liknande bøker som prøver å forklare kva det er som har skjedd og skjer.