Bøker

Alle er vi syndarar

Er det ein amerikansk prest og ­Michel Houellebecq som best set ord på makteslausa i Vesten?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Frå Dei gule vestane i Frankrike, via amerikanske arbeidarar som støttar opp om Trump, til bompengeaksjonistane i Noreg: Å kjenne seg makteslaus får stadig nye uttrykk. Om du støttar opp om desse politiske opprøra eller ikkje, er det smart å prøve å forstå kvifor dei kjem. Vår kritikar Kjetil Røed skriv i dag om danske Rune Lykkebergs bok Vesten mot vesten, og nemnar både Pankaj Mishras Raseriets tidsalder og Francis Fukuyamas Identitet som liknande bøker som prøver å forklare kva det er som har skjedd og skjer.

Men eg lurer på om vi ikkje finn det mest utslettande forsøket på å skildre kjensla av avmakta i vesten i Serotonin, årets roman av Michel Houellebecq. I romanen sett Houellebecq ord på både ei politisk og ei privat makteslause. Om han ikkje forklarar, så får han oss langt på veg til å forstå kjenslene bak.

LES MER: Anmeldelse av Serotonin. En kjime til håp i Houellebecq.

Ufullkomne Maria Magadalena

I Noreg er det lett å raljere med at bompengeaksjonistane ikkje ser det store bilde, og at dei ikkje bryr seg om klima­reknestykket. Men eit engasjement som får eit så konkret, politisk uttrykk er grunna i meir enn at nokon er glad i å køyre bil. Privatøkonomiar blir påverka, kvardagen opplevast som vanskeleg­are. Vi kan gjerne argumentere for at dette ikkje er viktig nok, at vi alle bør tåle høgare og oftare avgiftar. Men har vi prøvd å forstå det?

Den amerikanske presten Nadia Bolz-Weber skriv i boka Å finne Gud i feil folk at Jesus alltid sendte ut dei som snubla og synda for å fortelje om han. I boka gjer ho eit nummer ut av at det var ufullkomne Maria Magdalena som fekk i oppdrag å fortelje alle mannfolka at Jesus var stått opp. Bolz–Weber gjer dette for å rette blikket innover, for der å finne motivasjon til å forstå uretten i samfunnet. Ikkje for å ta på seg skuld. Ikkje for å slutte å tenkje maktkritisk om strukturane omkring oss. Men for å vere audmjuk på sin eigen ståstad.

LES MER: Nadia Bolz Weber fascinerer.

Vårt system

For henne kjem det sterkt til uttrykk den morgonen George Zimmerman vart frikjend for å ha drepe den uvæpna tenåringen Trayvon Martin, ei kjend sak frå 2012–2013 i USA.

«Raseriet mitt kjennest tomt, fordi det eg verkeleg treng, er å sanne syndene mine slik at Jesus kan lette børa mi, men i staden køyrer eg på som vanleg og rasar mot systemet eller mot andre personar. Fordi det kanskje – dersom eg slepper ut den rette mengda med raseri – vil vege opp for det faktum at eg kvar einaste dag livet gjennom har nytt godt av det same systemet som frikjende George Zimmerman.»

Syndarar

Bolz-Weber gjer noko som liknar på Houellebecqs prosjekt. Ho jekkar ned sin eigen moralske plattform, og let ikkje som ho veit meir eller er betre enn sine meiningsmotstandarar. Alle er vi menneske, alle er vi syndarar. Og alle blir vi litt forbanna dersom vi må betale bompengar kvar gong vi køyrer barna til skole eller fotballtrening.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Bøker