Her er grunnteksten tydeleg, nemleg tydeleg annleis. Gud skapte «adam» som hann og ho, står det, ord som blir brukte om dyr og menneske i Det gamle testamentet, og som i omsetjingane stort sett blir forskjønna til «mann» og «kvinne». «Adam» er eit fellesuttrykk for ein art, ein art som har to kjønn. Slik dei forskjellige dyreartane har det. I 1 Mosebok 1 skaper Gud arter og slag, ikkje eitt stykk epletre, to stykk elefantar. Det er typane som blir til: urter, tre, dyr, fuglar, fiskar, krypdyr og menneske. «Adam» betyr i denne forteljinga «menneskearten».