Bøker

Satan

Lesaren må ikkje bli forskrekka! På norsk er Satan no erklært stoverein. Ordet blir brukt så titt og ofte at språkfolk reknar det som eit ord for aggresjon. Dei seier det ikkje lenger er påkalling av vondemannen. Ironisk nok har ordet dermed kome tilbake til røtene.

Satan er på hebraisk eit vanleg ord for «fiende», «motstandar». Det er eit verb og eit substantiv, og blir brukt 30–40 gonger. Det er aldri eit kraftuttrykk i Det gamle testamentet – slik bruk er langt yngre. For dette ordet har både eit svart og eit kvitt rulleblad.

Ordet blir i GT brukt om fiendskap mellom menneske, om militære motstandarar, og i rettsvesenet. I det siste tilfellet kan ordet dreia i retning av ein anklagar, ein aktor. Salme 109,6 ynskjer hemn over fienden: Send ein lovlaus mot han, lat ein klagar (satan) stå fram ved hans høgre side!

I tre tilfelle er denne fienden eller klagaren eit himmelsk vesen.

Det eine tilfellet er Job 1–2. Både i 1938 og 1978/85 heitte det at Satan møtte i den himmelske forsamlinga. I Bibel 2011 er det (An)Klagaren. Satan er brukt med bestemt artikkel, akkurat som i tilfella der det dreier seg om sivile, militære eller juridiske samanhengar. Den himmelske situasjonen minner om ei rettssak: Jobs truskap skal bli testa, og Fienden eller Klagaren hans kjem fram for Gud med sine argument. Satan har ei oppgåve i det himmelske rådet.

Noko liknande er det tale om i Sakarja kapittel 3. Profeten har eit syn: «Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål (grunnteksten: var ein fiende) mot han.» Her har omsetjarane halde på Satan, og funksjonen som aktor er tydeleg. Men i dette tilfellet er Satan tydeleg ein motstandar av Guds plan: «Herren sa til Satan: ‘Herren refsar deg, Satan! Herren, som har valt ut Jerusalem, refsar deg!’»

Det tredje tilfellet er 1 Krønikebok 21, der det blir fortalt om Davids folketeljing. I 2 Samuelsbok 24 oppfordrar Gud David til å telja folket, og deretter straffar Gud han for teljinga. Når Krønikeboka skal gjengi denne historia, blir Gud erstatta med «Satan». Satan lokkar David, og Gud straffar David for teljinga. Her er ordet utan bestemt artikkel, og er truleg brukt som eit eigennamn.

Denne bruken er overtatt i Nytestamentet. Satan er overalt ein overnaturleg figur, han er Den vonde. Men ordet kan brukast til menneske: Vik bak meg, Satan, seier Jesus til Peter, Matt 16,23, som om Den vonde hadde tatt bustad i apostelen.

Dermed var grunnen lagt for bannordet – som i dag blir kvitvaska av språkfolk. Skal tru om brukarane er enige?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker