Bøker

Lengten etter ideane

Kva spør vi etter når vi spør etter politikk i litteraturen?

I det siste nummeret av Vinduet er fire forfattarar inviterte til å snakke om norsk litteratur i dag. Samtalen er interessant, men det kjennest som vi har høyrt det før når dei diskuterer det politiske i litteraturen.

Meir spennande er det da å lese Bjørn Vatnes kronikk i Aftenposten rett før jul (basert på eit essay han skreiv i siste nummer av Samtiden). Der skisserer han opp fem litterære dogme som han meiner veg tungt i Noreg: Forfattarar skal unngå idear, og heller legge vekt på indre smerte, psykologisk djupn, finne si stemme og vere autentisk. Som eit motsvar til desse dogma lanserer Vatne fem alternative dogme. Eit av dei lyder som dette: «I stedet for å rømme fra dem, la ideer sluke deg og beskriv hvordan de ser ut fra innsiden.»

Dei fleste forfattarar i Noreg har i dag erfaring med eit skrivekurs eller bakgrunn frå ein skule for skrivekunst. Eg har sjølv gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Mi erfaring er at ei slik utdanning kan vere heilt nødvendig for få kompetanse i det handverket det er å skrive. Men samtidig hugsar eg kor stor vekt som vart lagt på språk og setningsnivå, og kor lite som vart lagt på idear og innhald. Om det er noko eg saknar i den norske ­litterære floraen, så er det nettopp ei større visse om kva bøkene skal handle om.

I samtalen i Vinduet seier Anne Oterholm dette om å skrive skjønnlitteratur: «Du veit ikkje kva du held på med. Du veit ­ikkje kva forma skal vere, du veit ­ikkje kva innhaldet skal vere, men det som vert gjeve ut til slutt, er det den prosessen har ført til.» Slike utsegn sementerer korleis vi ser på litteratur og forfattaren: Kunsten oppstår på eit mystisk vis utan å bli forstyrra av skaparens vilje. Med den sterke litterære vendinga mot det sjølvbiografiske dei seinaste åra, verkar det som eit slikt syn på verket og forfattaren har styrka seg.

Det viser seg òg i at for å sleppe til i media, for å få merksemd om bøkene, må ofte forfattarane selje inn personlege historier. Opp i mot dette, spør eg meg om det er ein mangel i den rike, norske skjønnlitterære floraen. Ofte får vi bøker som er godt skrivne, men ikkje så godt tenkt. Det språklege øyret kan vere finstilt frå første setning. Men ideen i boka, tanken til forfattaren, kan ofte vere vanskeleg å lese seg fram til.

Kva har dette med det politiske i litteraturen å gjere? Kanskje handlar alt snakket omkring dette meir om ein lengsel mot bøker som tør noko meir. Som vågar å tenke større enn forfattaren sine personlege erfaringar. Er vi komne dit at vi krev ein nærleik mellom forfattar og verk? Om så er tilfelle, snevrar vi inn litteraturen. Vi snevrar inn verda og ber om at alt skal ­handle om det vi sjølv kan erfare i vår kvardag, i vårt land. Om ikkje bøkene vi les prøver å dikte seg inn i det framande, i den andre, vil dei vere stranda i sjølvrealisering for den litterære klassen.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker