Bøker

Hosianna

Hosianna kjennest høgtideleg og vakkert, ikkje eit ord å bruka på kjøkkenet eller kontoret.

«Hosianna i det høgste! Velsigna være han som kjem i Herrens navn! Hosianna i det høgste!» Desse setningane syng me ved nattverdfeiringa søndag etter søndag. Dei er henta frå Matteusevangeliet 21,9, der «Davids son» også er med. Folket syng for Jesus når han rid inn i Jerusalem, og Markus 11,9 og Johannes 12,13 har det same. Denne lovprisinga av Jesus på Palmesøndag er sitat frå Salme 118,25 og 26, litt tilpassa.

Hosianna kjennest høgtideleg og vakkert, ikkje eit ord å bruka på kjøkkenet eller kontoret. Det høver betre med hymnestilen i Salme 118 og med inntoget i Jerusalem.

Ordet er i grunnen hosjia-na, og er laga av eit ord som har å gjera med redning og hjelp. Hosjia finst fleire gonger i Det gamle testamentet, men tillegget -na er berre brukt éin gong, her i Salme 118. Tillegget forsterkar oppfordringa litt. Bibel 2011 seier i ein fotnote til Matt 21,9 at ordet tyder «gi frelse» eller «ver helsa».

Dersom det er snakk om frelse, skulle ein venta at «synd» dukkar opp i samanhengane. Nordmenn vil gjerne bli frelste frå synd, om dei då har synda. Men slik er det ikkje. Synda blir i Det gamle testamentet tatt hand om av offer i tempelet. 3 Mosebok er bruksanvisinga for handtering av synder, og dei skal ein sona gjennom offer i Jerusalem. Ymse slag synder er nemnde, og forskjellige slag offer som passar til. Det dreier seg ofte om dyreoffer, oksar, sauer og geiter, men også duer. I tillegg må det ofrast mjøl. Då kan syndaren få soning og tilgjeving. Slik er det for eksempel i 3 Mosebok 5,10. Men vårt ord dukkar ikkje opp i 3 Mosebok i det heile.

Om ikkje ordet var aktuelt i samband med synd, kunne det tenkjast at hosjia var eit viktig uttrykk for redning frå fortapinga, og frelse til det evige liv. Slik er det heller ikkje. Grunnen er enkel: Det gamle Israel rekna ikkje med eit evig liv, men ein tilstand under jorda for dei døde, sjeol. Først i Det nye testamentet kom det evige liv.

Hosjia har derimot sin plass i det daglege: redning frå krig og frå urett behandling. Serleg kongen og Gud hadde ansvar for denne redninga. Difor takkar Salme 118 Gud for redning frå fiendtlege folk, v. 10-14. Omsetjinga «gi frelse» vekkjer hjå oss andre forventningar.

Hosianna kjenner me indirekte gjennom ein serie namn. Profeten Jesaja ber namnet «Herren frelser», profeten Hosea «han frelser» og profeten Elisja «Gud frelser».

I vår samanheng er namnet Jesus det best kjende, på hebraisk Josjia, «Herren frelser», det same som Josva og kong Josjia. Det passar difor godt med eit Hosianna for Jesus på Palmesøndag. Han lyfter redninga eit trinn frå krig og urett behandling: frelse til evig liv.

Magnar Kartveit er professor i Det gamle testamentet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker