Nyheter

Tre tusen vart døypte

Tenk, for ein dag det må ha vore på pinsedag i ­Jerusalem for snart 2.000 år sidan, skriv Ellen Nordtun.

Ei stor folkemengd var samla.­ Etter at apostlane vart fylte av Den heilage ande stod Peter fram. Frå å vera litt vinglete og ustabil, stod han no fram trygg og sikker, og haldt ein flammande tale. Usikkerheita og sviket frå påska var no borte.

Dei tusenvis av menneska som lytta, blir gripne, overtydde,­ ­begeistra over talen om den oppstadne Kristus. Peter uttalte frimodig følgjande:Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve. (Ap 2, 38)

3.000 menneske vart døypte­ og lagt til den fyrste kristne kyrkje­lyden i Jerusalem.

Den gang, som no, er kvar dåp i namnet til Faderen og Sonen og Den heilage ande ei stor hending, der himmelen er så nær, så nær. Dåpsattesten er ein konto av ei anna verd.

Vi blir merka for livet. Merka med det heilage­ krossmerke. Eit merke på at vi tilhøyrer Kristus. Alle vi som er døypte har det merket på oss, og alle som ikkje er døypte er velkomne til å få det i dåpen. Vi kan ikkje sjå det, men det er der. Det er eit krossmerke som vert teikna frå panne til brystet og frå skulder til skulder. Det er eit kjærleiksmerke. Det er eit teikn på at det Kristus gjorde på korset, gjeld for deg. Han døyde på krossen for at han elska oss.

I dåpen blir vi overgitt i Gud sine hender. Vi blir boren av Gud frå dåpen av. Vi kjenner ikkje framtida. Derfor gir det tryggleik inn i ukjent framtid å vita at vi er teikna med det heilage krossmerket.

På pinsedag i Jerusalem og ved alle dåpshandlingar tek Gud den døypte lett i handa og kviskrar Følg meg. Og det grepet han tek i dåpen, kjem han aldri til å sleppa.­ Han vil for alltid elska oss.

Ellen Nordtun er fungerande sokneprest i St. Petri menighet, Stavanger

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter