Nyheter

Størst og minst

Tvilen diskvalifiserer ikkje hjå Jesus, skriv Vigdis Berland Øystese.

Johannes, mannen i kamelhårskappa; han som åt grashopper og villhonning. Eg syntest eg såg han for meg då eg var barn; ein raring, nesten ein villmann. Outsideren som trekte folk til seg i hopetal, men som ikkje sola seg i glansen. Tvert om las han tilhøyrarane teksten og peika på brotsverk, hykleri og ugudeleg framferd. Øksa var klar ved foten av stammen. Dei ville bli dømde og straffa om dei ikkje vende om.

Men han peika ikkje berre på dommen, men på frelsa: -Sjå, sa han, -der er Guds lam som ber bort synda. Og han stod åleine att medan læresveinane hans følgde etter Jesus. – Eg skal minka, erkjende han, -han skal veksa.

Og no er han blitt så liten som det vel er råd å bli. Han sit fanga. Trua hans lyser ikkje lenger. Fingeren peikar ikkje. Han vitnar ikkje. Han tviler. Men spørsmåla hans finn framleis retning: – Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?

Jesus viser at han er oppfyllinga av dei profetiane Johannes har trudd på og sjølv vore med på å forkynna. Det nye skal ikkje lenger koma. Det er kome!

Men Jesus nøyer seg ikkje med å svara Johannes. No er det hans tur til å peika. Fangen Johannes er ikkje ein liten vankelmodig pusling. Han er den største blant profetane! Johannes er sjølv oppfyllinga av ein profeti. Det seier Jesus no, etter at tvilaren Johannes er offentleg! Han avskriv ikkje Johannes. Han løfter han opp.

Og likevel: Den minste i himmelriket er større enn han. Forunderlege gudsrikehierarki!

Eg sit att med to sterke inntrykk frå denne teksten: Tvilen diskvalifiserer ikkje hjå Jesus. Jesus tar imot tvilaren også og tar spørsmåla på alvor.

Og så dette: Våre kriterium for høg og låg, liten og stor, er ikkje gangbare i himmelriket. Det minste kan løyna noko forvitneleg stort. Den største er ikkje alltid best kledd. Det er ein utfordrande tanke å ta med seg!

Vigdis Berland Øystese er førstelektor ved NLA Høgskolen, Bergen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter