Nyheter

Lat ingen sjå ned på deg!

Evangeliet handlar om at menneske blir løfta opp og blir heile, skriv Ellen Nordtun.

Ho hadde gått krokryggja i 18 år. Sjukdommen gjorde at ho ikkje klarte å reise seg. Blikket hennar var retta mot jorda. Sjukdommen hennar var forbunden med sosial utestenging. 
Andre sine unnvikande blikk gjorde ho liten, ho var utanfor fellesskapet og lite verd i andre sine augo. Vi kan berre tenkja oss kva dette gjorde med hennar syn på seg sjølv.

Jesus møtte denne krokryggja kvinna ein dag i synagoga (Luk 13,10-17). Der skjer det noko som stadig skjer der Jesus møtte menneske.

Kvinna blir frisk, oppreist og satt fri frå sjukdom. Fri frå andre sine nedsetjande blikk. Fri til å møta andre.

Jesus såg menneske som ­andre oversåg. Berre den som har ­fokuset på menneska og kjærleiken kan oppdaga og reisa opp dei som er nedbøygde. Jesus sitt fokus og verdsetjande blikk fortel også noko om menneske-­ synet hans: «Lat ingen sjå ned på deg!» Jesu menneskesyn blei vidareført til dei nye kyrkjelydane. I dagens bibelord høyrer vi om dette i Paulus brev til Titus: For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville løysa oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med iver gjer gode gjerningar. Dette skal du forkynna, og med kraft skal du formana og visa til rette. Lat ingen sjå ned på deg!

Alle menneske er meir enn det ytre som vi ser. Alle menneske er meir enn sine sjukdommar og meir enn sine nederlag. Vi er alle skapt av Gud og elska av Gud. Alle menneske er verdifulle i seg sjølv. I vårt samfunn i dag er det viktig å halda frem dette menneskesynet.

Det finst ei kraft som gir oss oppreising og kjærleik. Denne krafta er Jesu ord, i nattverdens brød og vin, i salmesongen og i dåpsvatnet. Vi kan henta kraft i hans nærleik.

Evangeliet handlar om at menneske blir løfta opp og blir heile. Ved å retta blikket og ha fokus på Gud kan vi tydelegare sjå medmenneska våre.

Ellen Nordtun er rådgjevar Stavanger bispedømmekontor

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter