Vev eigen kreftsjukdom saman med kvinnelagnader i Bibelen

Kirsti Hole skriv lyrikk i skjeringspunktet mellom detaljerte skildringar frå ei aggressiv krefthistorie og trusvedkjenning.

Jairus datter
JAIRUS DOTTER: Kirsti Hole rammar inn si eiga sjukdomshistorie med den bibelske forteljinga om Jairus' dotter, som vart helbreda av Jesus. Her skildra av kunstnaren Gabriel von Max.
Publisert Sist oppdatert

Forteljinga om Jesu helbreding av synagogeforstandaren Jairus´ dotter er ei av fleire mirakelgjerningar vi les om i dei synoptiske evangelia. Denne helbredinga skjer like etter at han har reinsa ureine ånder ut av ein mann i Gerasenar-landet: Jesus driv dei ut av han og inn i ein svineflokk på to tusen grisar som set utfor eit stup og druknar i sjøen.

Både skildringane om korleis Jesus helbreda ein mann som i dag kanskje hadde fått diagnosen schizofreni, og korleis han etterpå helbreder både Jairus’ dotter og før henne ei kvinne med ustoppelege blødningar, tilhøyrer dei mest bevegande episodane i ei bok som er fylt til randen av store og utfordrande forteljingar.

Poeten og Jairus´ dotter

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP