Thorvald Steens poetiske krigar-comeback når ikkje heilt opp

Thorvald Steen tek opp att den poetiske tråden frå 1992. Mykje er godt i Kveita, men forfattaren lukkast ikkje heilt med samanstillingane sine.

Thorvald Steen (f. 1954) debuterte som lyriker i 1983 og har gjennom et rikt forfatterskap skrevet romaner, diktsamlinger, skuespill, noveller, barnebøker og essays. Han har markert seg som en av Norges mest internasjonale forfattere. Foto: Trine Hisdal
KROPP OG KRIG: Det beste i Thorvald Steens diktsamling «Kveita» er det emosjonelle stoffet, dei eksistensielle erfaringane av å miste ei vesentleg side av seg sjølv, å kjempe for tilværet med nebb og klør, skriv vår meldar. Foto: Trine Hisdal
Publisert Sist oppdatert

Det er snart førti år sidan Thorvald Steen debuterte som forfattar med Hemmeligstemplede roser (1983). Denne og dei neste bøkene hans var diktsamlingar, der Ilden (1992) markerte eit gjennombrot. Samtidig forlét Steen poesien som hovudsjanger og har i mange år utmerkt seg som romanforfattar med både personleg og historisk stoff. Det er difor både overraskande og samtidig naturleg at Steen no er aktuell med nye dikt, snart tretti år sidan førre diktsamling – attpåtil i ei diktsamling som kombinerer erfaringsmateriale knytt til eigen kropp og historisk stoff om den svenske krigarkongen Karl XII.

Muskelsjukdom

La oss først seie litt meir om kroppen, for når vi snakkar om Thorvald Steen er det vanskeleg å komme heilt utanom den kroniske muskelsjukdommen han har hatt sidan ungdommen. I den fine romanen Vekten av snøkrystaller (2006) brukte Steen desse erfaringane på ein fruktbar måte, noko han har gjort også i fleire seinare bøkar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS