Storarta og burlesk frå den bergenske scena

Erlend O. Nødtvedts roman «Mordet på Henrik Ibsen» er ei ellevill og medrivande utforsking av samanhengen mellom språk, historie og geografisk stad.

SPRELSK: Ingen veit kor Erlend O. Nødtvedt hoppar, men vi er etterkvart mange som har lyst til å følge med på ferda, skriv vår meldar Rolv O. Nødtvedt. «Mordet på Henrik Ibsen» skuffar ikkje.
Publisert Sist oppdatert

Staden er også denne gongen Bergen, ein by som Nødtvedt gjennom heile forfattarskapen har insistert på er ein del av Vestlandet og ikkje ein lausriven mini-metropol. Både byen og landsdelen er viktig som bakgrunn og tematikk i dei tre svært ulike og kritikarroste utgjevingane som i mangel på betre namn blir omtalt som diktsamlingar: Harudes (2008) Bergens Beskrivelse (2011) og Trollsuiten (2014). Også i Nødtvedts førre roman, den utruleg morsomme vestlandske reiseskildringa Vestlandet, (2017) speler landsdelen, som allereie tittelen viser, ei hovudrolle. Dette er ein forfattar som stadig overraskar. Ingen veit kor Nødtvedt hoppar. Men vi er etterkvart mange som har lyst til å følge med på ferda.

Dramatiske hendingar

Tittelen på årets roman, Mordet på Henrik Ibsen, tyder på at det er snakk om ein historisk spenningsroman som vil finne ut av dei dramatiske hendingane som skjedde då den seinare verdskjende dramatikaren Henrik Ibsen var i Bergen. Den unge Ibsen var nemleg i Bergen som instruktør i Ole Bulls nystarta Det norske Theater i seks avgjerande år frå 1851 til 1857. For også Bergen er ein forunderleg by som ingen forlèt før han har fått merker av den. Vi veit at Ibsen var eit anna menneska da han drog frå byen. At han vart drepen er derimot nytt for dei fleste.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS