Samtaleboka med Cecilie Løveid saknar eit skarpare utanfråblikk

Kaja Schjerven Mollerins samtalebok med den litterære veteranen Cecilie Løveid er openhjartig og spennande, men også noko ustrukturert og intern.

LIV OG LITTERATUR: Forfattaren, poeten og dramatikaren Cecilie Løveid fylte 70 år i fjor høst. I «Kamerat livet» snakkar ho med litteraturvitar Kaja Schjerven Mollerin om livet og om livet i litteraturen. Sett frå utsida har Løveid vore ein viktig og innflytingsrik forfattar heilt frå debuten for femti år sidan, skriv vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Forfattaren Cecilie Løveid fylte 70 år 21. august 2021. I dei femti åra som snart er gått sidan ho debuterte med romanen Most i 1972, har Løveid vore ein framståande og eigenarta stemme i det norske kulturlivet. Løveid har ein rik og mangfaldig litterær produksjon bak seg. Ho har skrive kritikarroste romanar, skodespel og dikt og er eit levande førebilete for mange yngre forfattarar.

Det er derfor all mogleg grunn for forlaget hennar, Kolon, å gje ut ei bok om forfattarens liv og virke til no, for å hylle den svært livskraftige jubilanten. Forlaget ba Kaja Schjerven Mollerin om å føre boka i pennen og resultatet ligg no føre som ei samtalebok med tittelen Kamerat livet.

Ein krevande sjanger

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP