Grubling på tomgang med krigen som kulisse

Ein musikar grev seg ned i nokre gamle brev mora fekk frå ein tysk ungdomskjærast. Romanen «Tolv ord fra Oskar Maier» er ikkje blant Levi Henriksens beste.

GLIMTAR TIL: Levi Henriksens nye roman «Tolv ord fra Oskar Maier» glimtar til med nokre umiskjennelege henriksenske skildringar av menneskemøte som nesten er eigne noveller, skriv vår meldar. Men alt i alt er boka ujamn og springande, meiner han.
Publisert Sist oppdatert

Etter den skjønnlitterære debuten for snart tjue år sidan har Levi Henriksen gitt ut fleire gode romanar og novellesamlingar. Dei fleste av forteljingane skildrar livet til kvardagsmenneske i ei lita bygd utafor Kongsvinger. Henriksen, som også er songar og låtskrivar, har gjennom åra fått ei stor og trufast lesarskare. Fleire av desse vil truleg nikke gjenkjennande både til forteljemåten og skildringane av menneske i krise i årets roman. Men Tolv ord fra Oskar Maier er så ujamn og springande at eg er usikker på boka er i stand til å rekruttere nye lesarar.

Mora og kjærleiken

Eg-personen, som har fleire trekk til felles med den biografiske Levi Henriksen, har planlagt å reise til Sverige åleine for å lage det han reknar med skal bli sitt siste album. Så langt kjem han ikkje. For han blir uventa oppsøkt av dottera til Oskar Maier. Ho fortel at den tyske faren var kjærast med musikarens eiga mor før krigen. Ikkje nok med det, det var tanken på mora som heldt Oskar oppe og i live under tida som soldat og i dei tre åra etterpå i sovjetisk krigsfangenskap. Eg-forteljaren får også nokre brev som mora skreiv til kjærasten heilt til rett før invasjonen av Norge i 1940.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS