Fransk perle med himmelgløtt

Francois Ozons nye film gir oss ei moderne Maria Magdalena i hjartet av Frankrike. «Når høsten kommer» er lågmælt, vakker, dramatisk og eksistensiell.

François Ozons When Fall Is Coming
MODENT DRAMA: François Ozons «Når høsten kommer» er ein «nydeleg film for modne kinogjengarar», meiner vår meldar Alf Kjetil Walgermo. Hélène Vincent (t.v.) og Josiane Balasko storspelar som to eldre venninner og tidlegare prostituerte.
Publisert Sist oppdatert

Den franske filmskaparen Francois Ozon er ein av Europas store regissørar. Filmane hans er både visuelt sterke og modige i tematikk. Ikkje minst har han fleire gonger kome med filmar som på eit eller anna vis tek opp seksualitet og makt, som i Ved Guds nåde (2019), der han sette søkelyset på overgrepsskandalane i den katolske kyrkja.

Noko anna som kjenneteiknar Ozons filmar er sterke kvinneroller. Dette ser vi også i den ferske filmen Når høsten kommer, som vann Faith in Film-prisen på Tromsø Internasjonale Filmfestival og får ordinær kinopremiere i Noreg på fredag. Hélène Vincent og Josiane Balasko storspelar som to eldre venninner som har busett seg på landsbygda i midten av Frankrike, eit område tidlegare kjent som Burgund.

Dei gamle venninnene er – noko vi ikkje får vite før eit stykke inn i filmen – tidlegare prostituerte. Eit klassisk Ozon-grep, kan ein seie. På mange måtar gir regissøren oss ei moderne Maria Magdalena-historie frå den franske landsbygda. Iallfall ei Maria Magdelana-historie slik den bibelske kvinna blir oppfatta i kunsten og allmennkulturen, som gudfryktig og tidlegare prostituert.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS