Ei fjellstø samling
Andaktsboka til Terje Konradsen gir fast føde for den som lever disippellivet.
Andaktsboka Disippel av Terje Konradsen retter seg mot meir erfarne kristne og leverer det vår anmeldar kallar ei fulltonande forkynning om synd og nåde, omvending og nytt liv.
Matilde Solsvik
Etter å ha lese meg gjennom Terje Konradsens andaktsår i boka Disippel 365, vert eg minna om at det er mange måtar å bli guida gjennom eit landskap på. Turistforeininga har sine høgst kjærkomne og gjenkjennelege T-ar rundt i dei mange vakre og ville fjellheimane våre, og utan desse kunne mange turar ha blitt både lange og farlege.
Konradsen tilbyr likevel meir enn berre «merkesteinar langs løypa» med denne utgjevinga. Å lesa han, er til samanlikning som treffa på ein slik «furet-værbitt-type», ein fjellsikker kjentmann, som har meir å by å enn siste mote frå ei urban sportssjappe. Han er den som utan bravadar slår følgje fordi han skal no same veg som oss likevel. Det er noko fjellstøtt over denne samlinga med andaktar.
Tydeleg målgruppe
Bestill abonnement her
KJØP