Sverige skrotar arven frå Napoleonskrigane: Alliansefridomen
FORSVARSALLIANSE: Sverige gjev opp 200 år med alliansefridom. Finland riv seg laus frå Russland for godt. Norden blir samla i Nato. Det var ikkje Vladimir Putins plan.
VOGNKOMMANDØR: Sveriges statsminister Magdalena Andersson (S) fekk prøvekjøre stridsvogn under Nato-øvinga Cold Response i mars.
Anders Wiklund/TT
Denne artikkelen er ein analyse av eit sakskompleks. Han gjev uttrykk for skribentens analyse av tilhøva.
Skodespelaren og komikaren Groucho Marx sa det realpolitisk svært presist: «Det er mine prinsipp, og dersom du ikkje likar dei … vel, eg har andre».
I fjerde sesong av den danske tv-serien Borgen snur utanriksministeren, realpolitikaren Birgitte Nyborg, 180 grader når det kjem til utvinning av oljen som blir funnen i den gamle, danske kolonien Grønland. Først går ho mot og brukar Parisavtalen som skal få ned klimautsleppa som argument. Så, for å redde eigen karriere, skrotar ho klimaevangeliet og går for fossil fest; litt i Grønland, mest i Danmark.