Nyheter

Strekker ut ei vilter hand

Kari Slaatsveen brukar advent til å roe andres frynsete nervar.

– Det er mykje ved jula som sjølvsagt er veldig hyggeleg og stas og gøy og morosamt. Men det er ein del utfordringar der også, fordi det er høgtid og fordi det er tradisjonar. Kanskje aller mest det siste.

Kari Slaatsveen sit i eit blått rom ved Litteraturhuset i Oslo. Det er knappe to månadar til jul, men utanfor vindauget skimtar vi store julebjeller som snart skal lyse opp Bogstadvegen. Slaatsveen sukkar.

– Det er vel slik kvart år. Det er berre eg som gløymer at det er november allereie.

Frynsete nervar

Ifølgje Hovedorganisasjonen Virke vil nordmenn handle for 58,5 milliardar kroner denne jula. Adventskalendarar, julegåver, husstell og førebuing av julemat kan fort bidra til meir stress enn hygge i adventstida.

Slaatsveen trur mange har frynsete nervar før jul, men at det kan vere fleire årsaker til det; ein ny kjærast som skal treffe ei slekt for første gong, skilde besteforeldre som hatar kvarandre, tenåringar i opposisjon, eit komande arveoppgjer.

Sjølv hugsar Slaatsveen kvart minutt av julaftan då ho var sju år gammal.

– Farmor var død og ho hadde vore samlande og elska i min fars familie. Det er veldig fint, men også veldig utfordrande då ho var borte. Dei vaksne fekk ein idé om at alle skulle samlast i vårt halvferdige hus, i kjellaren, og ha ei fin jul. Det vart ikkje ein bra julaftan.

Slaatsveen, broren og syskenborna talde minutta til det heile skulle vere over. Ho trur jula kan vere ei utfordring fordi den skal vere så glad og varm. Fordi den gir ei kjensle av at ein burde vere samla om noko som ein høyrer til.

– Det er ikkje alltid så lett. Alle har ikkje noko å samlast om.

– Er det eit moderne fenomen at juletida er utfordrande, trur du?

– Nei. Eg trur slekter i Trøndelag har sete i våt ull og hata kvarandre på julaftan. Som har gått ut i garderoben og smugdrukke karsk. Eg kan ikkje tenke meg noko anna, seier ho.

Trøystande og vilter

For nokre år sidan byrja ideen om ein slags juleverkstad å vekse fram hjå Slaatsveen og mangeårig venn Ingrid Bjørnov. Dei hadde allereie jobba saman fleire gongar før, men no ville dei lage noko lettare anarkistisk og improvisert. Strekke ut ei trøystande, men litt vilter, hand før jul.

I 2014 var første oppsetjinga av Julesanatoriet eit faktum. I år skal dei ha ni førestellingar, på Austlandet og i Trondheim. «Legg alle frynsete julenerver i våre hender», står det i pressemeldinga.

– Vi skriv folk inn i sanatoriet i starten av førestellinga. Og så skriv vi dei ut igjen mot slutten om vi meiner at dei er i stand til å takle det heile.

Publikum får mellom anna høyre historia om Peer Gynts ukjende syster, Chanel Gynt. I tillegg fortel Slaatsveen om si eksentriske mormor, samt opplevinga av å stå der på gravlunden i jula og leite etter morfars grav utan lommelykt. For å nemne noko.

Plass til ettertanke

Formålet er ikkje nødvendigvis å få folk til å roe ned, seier Slaatsveen.

– Om du blir skriven inn ein stad, for å kome til hektene att, er det ikkje sikkert at det er ro du treng. Kanskje du berre treng eit anna rom å vere i ei stund, trur ho.

– Dermed er ikkje vår førestelling søt og julebejublande. Den er ein smått surrealistisk, varm og småvill stad å vere i halvannan time.

Humor er sentralt når Slaatsveen og Bjørnov går til verks. Men der er også god plass til ettertanke og melankoli.

– Etter mi oppfatning vert det ofte meir morosamt og varmt når du har blikket på at ting ikkje alltid går på skinner, at ikkje alt er perfekt og harmonisk. Den motstanden som livet har med seg, den likar både eg og Ingrid.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter