Kultur

Eit nådens år

Kva om det er slik at gudsriket bryt fram overalt der hjelpelause får hjelp, bundne blir frigjorte og knuste hjarte blir forbundne?

Bibelrefleksjon til 1. søndag i advent

Bli med opp i det kuperte bylandskapet i Nasaret. Bli med forbi den store Bodskapsbasilikaen – kyrkja som heidrar minnet om at engelen Gabriel fortalde Maria at ho var gravid akkurat her i byen. Bli med vidare forbi falafelkaféane og frukthandlarane, forbi klesforretningane og kjøkkenutstyrsbutikkane, og inn i dei tronge gatene i gamlebyen. Her kan du finna ei dør der det står Synagogekyrkja. Ein trur det var på denne staden Jesus talte til sambygdingane sine for to tusen år sidan.

På Jesu tid budde det omtrent 50 familiar i Nasaret, og i den vesle synagoga var det truleg som det var andre stader: Under lekmannsgudstenesta kvar sabbat bad forstandaren gjerne tilreisande om å lesa frå bokrullen og tala. Ein tilsynelatande heilt vanleg laurdag er Jesus på besøk. Sidan sist er han blitt omreisande rabbinar. Framføre han sit kanskje naboen som han skifta sypressbjelkane i taket hjå, ein annan nabo som kjøpte den første døra han snekra som ungdom, to barndomsvenner, hebraisklæraren dei hadde, kanskje nokre slektningar. I alle fall alle dei som har kjent han heile livet som Yeshua ben Yosef.

Tung og vond kvardag

Han tar fram Jesaja-bokrullen med den gamle profetien folk kjenner så godt, og les høgt: Herren Guds ande er over meg, for Herren har salva meg. Han har sendt meg for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause, for å forbinda dei som har eit knust hjarte, ropa ut fridom for dei som er i fangenskap, og frigjering for dei som er bundne, for å ropa ut eit nådens år frå Herren. (Jesaja 61,1-2)

Sjølv om Nasaret låg langt frå storbyen, var okkupasjonen blitt tung og vond kvardag her også. Han hadde vart i fleire generasjonar. Då folk høyrde profetorda Jesus las, er det ikkje tvil om at dei tenkte på seg sjølve. Dette var Guds løfte til dei, eit lidande folk som var utarma, fornedra og undertykte av ei heidensk stormakt. Kunne berre Gud setja dei fri frå romarane!

Og plutseleg seier Jesus at ventetida er over. Profetorda frå Jesaja «blei oppfylt medan de høyrde på». Erklærer han eit nådens år her og nå? Hevdar han at han skal få slutt på okkupasjonen? Tenkjer han å samla ein geriljastyrke oppi fjella her, eller skal opprøret skje på underfullt, messiansk vis?

Eit skremmande under

Mange, ikkje minst i Nasaret, var skeptiske. Seinare jaga dei han derifrå. Andre stader blei mange oppglødde av å høyra på han. «Tida er inne, og Guds rike er komme nær», kunne han seia. Noko inni dei sa at nettopp han var Messias, han som skulle velta alt om. Dei venta spent i det lengste, heilt til han blei tiltalt for urostifting. Då han blei avretta i vanære, stod mange igjen med knuste hjarte og draumar.

Men i det same Jesus døydde med eit høgt rop på Hovudskallestaden utanfor Jerusalem, skal det ha skjedd eit skremmande under i sentrum av byen. Inne i tempelet hang eit ti meter høgt, purpurraudt og lilla teppe framføre heilagdommen der øvstepresten kunne møta Gud. Det var ein stoffmur tjukkare enn ein vanleg norsk yttervegg. Ein tilsynelatande vanleg fredag i påsketida rivna plutseleg det enorme forhenget ovanfrå og ned, mens jorda skalv og berga brast. Det utenkjelege hadde skjedd: Guds bustad var ikkje lenger skjult for menneska.

Jesu venner forstod etter kvart at underet med teppet, undera dei sjølv hadde opplevd og undera som Jesu mor hadde fortalt dei om, handla om det same: Dei var teikn som sa at Guds rike er der Jesus er. For Maria hadde nok fortald dei om den gongen ein flik av herlegdommen i det usynlege gudsriket blei openberra på Betlehemsmarkene – lenge før nokon ante kva som var i emning. Den natta Maria fødde Jesus, var det som om eit usynleg forheng rivna på nattehimmelen. Mørket blei flerra opp av eit sterkt lys, og fram kom ein stor himmelhær av englar. Gjetarane som hadde trudd det skulle bli ei vanleg natt, fekk sjå kva mørket skjulte og høyra om frelsaren som kjem med fred.

Nattehimmelen

Tilbake i vår tid, to tusen år seinare. Bli med til storbyen Betlehem, med larmen av bilar, fruktseljarar og falafelkaféar. Den israelske okkupasjonen er blitt tung og vond kvardag for folk flest. Bli med ut av byen om kvelden, til dei tørre markene der ein ikkje kan forstå at sauer finn noko å eta, og set deg ved eit bål som nokon har tent for deg. Om du kikkar opp på den mørke himmelen, ser han ikkje særleg annleis ut enn nattehimmelen heime. Ikkje særleg annleis enn nattehimmelen då Jesus blei fødd.

Ei stjerne ekstra var det den gongen, fortel Bibelen. Det som skal ha skjedd, kan kanskje kjennast som ei fjern forteljing, noko som skjedde i ei mytisk tid langt borte frå ditt eige liv, og frå dagens liv i Det heilage landet. For dei fleste av oss er forhenget der framleis, skiljet mellom denne verda og den himmelske. Nådeåret kjennest like fjernt for oss som for dei som høyrde Jesus i synagoga i Nasaret. Me ser ikkje teikna på det, i alle fall ikkje med dei fysiske augo våre.

Men kva om det er der likevel? Kva om det er slik som Paulus sa, at Gud fyller alt i alle? Då er dagane og åra våre, i verdas bygde- og bygater mellom falafelkaféar, post-i-butikk, heimekontor og bekymra ansikt med munnbind, gjennomlyste av ein ufatteleg kjærleik. Då er også alt det tunge og vanskelege omslutta av eit evig nådeår.

Kva om det er slik at gudsriket bryt fram overalt der hjelpelause får hjelp, bundne blir frigjorte og knuste hjarte blir forbundne? Kva då?

Ann Kristin van Zijp Nilsen er kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur