Gaza-lege Erik Fosse: – Vert alltid deprimert når eg reiser heim
GAZA: Erik Fosse har jobba i Gaza nesten kvart år sidan 2008. Sist gong var han vitne til det han meiner er ein systematikk i dei israelske åtaka han ikkje har sett før.

– No brakar det laus.
Mannen i 70-åra sit i hagesofaen i ein fredeleg grøn oase ved Akerselva. Han fortel kva han tenkte då nyheita kom om at Hamas hadde gått til åtak på Israel 7. oktober 2023.
Legen og professoren Erik Fosse har vore i Gaza stort sett kvart år sidan 2008. Han har sett meir liding og død enn dei fleste nordmenn, men han vender stadig tilbake. Sist gong han reiste frå Gaza var i april i år.
– På mange måtar var det ikkje så annleis enn å jobbe på Ullevål, bortsett frå at det kjem fleire skada pasientar heile tida, seier Fosse.
Men ein stor skilnad var det likevel – mangelen på det det meste av utstyr, seier han. Då han var i Gaza sist, var det midt under den over to månader lange perioden nødhjelp ikkje slapp inn. Fosse fortel at folk hadde spart opp ting, og at sjukehusa framleis hadde mat og straum.
– Det har dei ikkje no. No er det ingenting, seier han.
På mange måtar var det ikkje så annleis enn å jobbe på Ullevål, bortsett frå at det kjem fleire skada pasientar heile tida
Erik Fosse, lege
Sjukehuset bomba rett etter utreise
Fosse reiste frå Gaza ein månad tidlegare enn resten av Norwac-teamet hans. Det som skjedde då alle var ute i slutten av mai, meiner han stadfester at Israel systematisk går etter palestinsk helsepersonell. For same ettermiddag som dei siste frå Norwac-teamet reiste, vart European Gaza-sjukehuset bomba.
– Dei bomba rundt, slik at det ikkje var mogleg å komme seg til akuttmottaket, fortel han.
Då palestinarar dagen etter prøvde å jamne ut vegen fram til sjukehuset med bulldosarar, for å gjere det mogleg å komme fram, vart dei skotne på av israelske dronar. Minst 28 palestinarar vart drepne i dette åtaket, ifølgje sivilforsvaret i Gaza. BBC har også verifisert ein video som viser åtaket.

Grunngjevinga IDF ofte kjem med etter slike åtak er at Hamas har tunnelar og operasjonssentralar under sjukehus. Fosse seier at han og andre internasjonale kollegaer aldri har sett væpna personar eller teikn til Hamas på sjukehus i Gaza.
– Dersom Hamas hadde gjemt soldatar og våpen under eit sjukehus, så hadde det vore eit klart brot på Genève-konvensjonen. Men så er det også slik at den andre part uansett ikkje hadde hatt rett til å bombe eit sjukehus fullt av pasientar og tilsette, seier Fosse.
Det som vert tydlegare og tydlegare er at dette verkar som ei systematisk angrep på alle offentlege institusjonar, alt dette som skapar eit samfunn
Erik Fosse, lege
– Ein systematikk i åtaka
Sidan oktober 2023 er 94 prosent av alle sjukehusa på Gazastripa skadde eller øydelagde, ifølgje WHO, og meir enn 1.400 helsearbeidarar drepne i israelske åtak, ifølgje FN.
Fosse seier at det er tydeleg at israelsk militære går målretta etter helsetenestene i Gaza. Han trekkjer fram at sjukehus blir bomba, at helseleiarar ved sjukehus vert arresterte og at husa til palestinske legar vert bomba.
Sjå svar frå Den israelske ambassaden lenger ned i saka.

– Det som vert tydlegare og tydlegare er at dette verkar som ei systematisk angrep på alle offentlege institusjonar, alt dette som skapar eit samfunn; helsetenestene til befolkninga, politiet som skal skape tryggleik og utdanningsinstitusjonar, meiner Fosse.
Leger Uten Grenser meiner også at ein rekke dødelege angrep frå israelske styrkjer viser ein total mangel på respekt for tryggleiken til hjelpearbeidarar og helsepersonell i Gaza.
Sidan krigen starta har elleve tilsette i Leger Uten Grenser blitt drepne, fleire medan dei var på jobb, melder organisasjonen i ei pressemelding.
Dei fortel og om 15 ambulansearbeidarar som blei funne i ein massegrav i Rafah, sør i Gaza i vår. Gruppa skal ha blitt drepne av israelske styrkjer da dei forsøkte å hjelpe sivile som vart skotne på 23. mars.
Kjente palestinsk lege som døydde i fengsel
Etter å ha arbeida i Gaza over mange år, har Fosse stifta gode venskap med palestinske kollegaer. Fleire av desse kollegaene har vorte arresterte av israelske styrkjer etter 7. oktober. Nokre av desse har aldri komme tilbake, slik som Dr. Adnan Al-Bursh, leiar for ortopedisk avdeling ved Shifa-sjukehuset, som vart arrestert av Israel i desember 2023.
Over fire månader seinare vart Al-Bursh stadfesta død i Ofer-fengselet. Israel har enno ikkje frigjort kroppen hans, og medfangar har fortald at Al-Bursh hadde teikn av å bli utsett for tortur før han døydde. Ein talsperson for IDF sa til Times of Israel at Al-Bursh vart arrestert av «nasjonale sikkerheitsgrunnar» og at han vart stadfesta død 19. april 2024. Israel Prison Service, ansvarlege for Ofer-fengselet, avviser kritikken som har komme.
Human Rights Watch og Physicians for Human Rights Israel (PHRI) har begge dokumentert korleis palestinske helsearbeidarar har blitt arrestert etter 7. oktober 2023. Dei fengsla har rapportert om tortur og seksuell vald, ifølgje rapportar frå organisasjonane. Til CNN har IDF avvist at dei arresterer helsearbeidarar på grunnlag av yrket deira og svarte at «visse medisinske tilsette er involvert i terroraktivitetar».
Ikkje redd: – Israel ser på oss som menneske
Om han sjølv er redd når han er på jobb som kirurg i Gaza? Nei, han kjenner seg nokså trygg, for det har vore få åtak der internasjonale hjelpearbeidarar har blitt råka.
– Me har direkte kontakt med Cogat, den israelske administrasjonen, og fortel dei kvar me er til ei kvar tid. Kvar gong eg skal køyre frå A til B, må eg søkje, fortel han.
Dei internasjonale arbeidarane fungerer derfor som ein slags tryggleik for palestinarar som jobbar på sjukehusa.
– Dei vil jo at me skal vere der heile tida, og at me skal vere synlege. For då kjenner dei seg trygge. Igjen ser ein tydeleg denne ulike politikken: Israel ser på oss som menneske, men det same gjer dei ikkje med palestinarane, seier han.

Å reise heim att til Noreg etter periodar i Gaza, er tøft, seier Fosse.
– Eg trur dei fleste av oss som har reist ned dit ønskjer seg tilbake heile tida. Ein vert alltid litt deprimert når ein reiser heim, for det kjennest som at du sviktar dei, seier han.

– Korleis påverkar dette deg?
– Eg merkar at eg sidan 7. oktober har vore deprimert. Eg synest dette er tragisk, også for Israel sin del. Det verkar no som at dei trur dei har all rett i verda til å bruke alle middel til å ta frå palestinarane alt dei har, og til slutt liva deira.
«Som om palestinarane ikkje finst»
Ifølgje ei nyleg undersøking støttar over 80 prosent av israelske jødar utvising av palestinarar frå Gaza.
Vegen til fred er lenger enn nokon gong, trur Fosse.
Fosse har heile tida vore skeptisk til tostatsløysinga, som han meiner inneber ein slags rasisme. I staden har han vore positiv til ideen om at israelarar og palestinarar skal leve saman i ein demokratisk stat, ein slags Sør-Afrika-løysing, seier han. Det var det også mange jødar og jødiske politikarar som trudde på 90-talet.
– Men no trur eg vegen er veldig lang dit. Det har også vore ei utvikling i Israel der ein tolkar den sionistiske ideologien på ein heilt annan måte enn tidlegare, seier han.
Fryktar for kva som vil skje i Rafah
Israel har gong på gong sagt at palestinarar i Gaza må «evakuere» til andre stader på Gazastripa. Område som på førehand har blitt erklært trygt av Israel, har så blitt bomba. No skal palestinarar tvangsflyttast igjen, denne gongen til grensebyen Rafah heilt sør på Gazastripa. Israels forsvarsminister Israel Katz har sagt at alle palestinarar skal gjennom ein «sikkerheitssjekk», og at dei ikkje får forlate området etter at dei har komme til Rafah.

Fosse fryktar for kva som vil skje når Israel no har planar om å flytte heile befolkninga i Gaza til denne «humanitære byen», som han sjølv kallar ein «konsentrasjonsleir».
– Dersom dei gjennomfører det dei har sagt, også med denne «sikkerheitsklareringa», så trur eg dei kjem til å plukke ut alle med høgare utdanning og leiande jobbar. Når ein har sett kven dei går etter, så er det desse, alle som driv samfunnet i Gaza, seier Fosse.
Israelske myndigheter har gjentatte ganger opplyst om hvordan Hamas aktivt benytter seg av sykehus og helserelaterte fasilitieter
Den israelske ambassaden i Oslo
Dette svarar den israelske ambassaden
I ein e-post til Vårt Land svarar den israelske ambassaden i Oslo dette:
«Israelske myndigheter har gjentatte ganger opplyst om hvordan Hamas aktivt benytter seg av sykehus og helserelaterte fasilitieter. Israel er fullt ut forpliktet til å følge internasjonal lov, og har i henhold til loven kun rettet seg mot infrastruktur hvor det er oppdaget terroraktivitet.
Det finnes flere eksempler på at helsepersonell og andre tilsynelatende sivile personer har tette bånd til Hamas. Disse individene blir etterforsket og gir oss helt nødvendig informasjon om hvordan Hamas utnytter og misbruker sivil infrastruktur som både rammer sivile paelstinere, gislene som fortsatt holdes fanget på Gaza og til slutt våre soldater på bakken.
I en så ekstrem og kompleks krig som krigen som utkjempes både over og under bakken på Gaza er, skjer det også dessverre feil. Israel er samtidig det eneste demokratiet i Midtøsten og har et sterkt rettsvesen som også vil etterforske og rettslig forfølge eventuelle feil som begås om nødvendig.»